Velkomen til Jutulheimen


Trollbindande utsikt mellom fortryllande hus i 1700-tals stil.


Høgt oppe i Prestberget med utsyn over Vågåmo, ligg frilusftsmuseet Jutulheimen. På tunet ligg ni hus, mellom annan ein låve, to stover og ei smie, sett opp som ein gamal storgard. Husa er frå 1600-, 1700- og 1800-talet og kjem frå ulike gardar i Vågå.

Bakgrunnen for namnet Jutulheimen ligg i at næraste ”naboen” er Jutulen, som har inngangen sin inn i berget gjennom Jutulporten. Asbjørnsen og Moe gjorde Jutulporten kjent i heile Noreg gjennom nedskrivinga og publiseringa av den lokale soga om ”Jutulen og Blessomen”.

Om sommaren er det omvisar på tunet som syner deg husa, utstillingane og fortel historier du knapt kan tru er sanne. Haust og vår er det kveldsseto og dugurdstreff eit par gonger i månaden i Jutulheimen, der alle er velkomne til å smake på tradisjonell lokalmat og høyre spanande foredrag.

 

Utstillingar

Kvar sommar opnar ei eller fleire nye utstillingar i Jutulheimen. Miniutstillingar med gjenstandar og bilete frå museumssamlinga finn du i husa heile året.

 

Utleige

Bryllaup, dåp, konfirmasjon, firmamøte eller anna sosialt lag? Sundstugu og Øyastugu kan leigas på timebasis heile året. I Øyastugu er det fullt kjøken med dekketøy til kring 70 personar. 

Ta kontakt for utleige eller omvising utanom opningstid.

Opningstider

16.06.2018 - 26.08.2018

Onsdag

10:00 - 15:00

Laurdag

10:00 - 15:00

Sundag

10:00 - 15:00

Prisar

Honnør

50,-

Vaksen

65,-

Gruppe (minimum 10)

50,-

Barn under 16 år

Gratis

E-post

folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

905 11 168

Adresse

Jutulheimen Bygdamuseum Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå

GPS

(WGS 84): N 61° 52.461', E 9° 5.144'

Kva skjer på Jutulheimen

Jutulheimen bygdamuseum

08
feb.

Jutulheimen bygdamuseum

08
mars

Jutulheimen bygdamuseum

12
apr.

Jutulheimen bygdamuseum

10
mai

Jutulheimen bygdamuseum

14
juni

Jutulheimen bygdamuseum

18
juni

Se flere

Kart

Kontakt