Lesja Bygdemuseum

Skrivabrød, tynnkaku, bunadar, lam, vaflar og ein haug med folk i arbeid. Om sommaren er tunet på Lesja bygdemuseum nett som eit livleg gardstun på 1700-talet.

Lesja Bygdemuseum

Lesja Bygdemuseum

Velkomen til Lesja Bygdemuseum

Friluftsmuseum i hjarta av Nasjonalparkriket

13 autentiske tømmerhus frå 1700– og 1800–talet er samla i Lesja bygdemuseum. Husa og tunet syner korleis fjellbønder reiste bygningar og budde på gardar i Nord-Gudbrandsdalen attende på 1700-talet - med både folk og husdyr i og kring tunet. Heile livet til folk utspela seg på gardstun som dette. Her vart dei fødd, her arbeidde dei, og her anda dei ut. Husa er henta frå ulike garder i Lesja.

Lesja bygdemuseum er ope seks dagar i veka frå i skulen sin sommarferie. Resten av året etter avtale.

Aktiviteter

Kvar sommar er over hundre friviljuge i sving på museet. Dei bakar i eldhuset, smir i smia, syr bunadar i Nestandestugu og syner fram anna husflidsarbeid i Bellestugu. Der kan du òg sjå etter «daudingholet» i veggen, eller kjøpe deg ein kopp kaffi og ei vaffelkaku. Om du er heldig, treff du på den innpåslitne mannen dei seier går att her i stova.

Tør du ikkje gå inn, kan du heller helse på dyra på tunet eller ta deg ein tur i kornmagasinet eller fargeriet. Tunvertane syner deg rundt og har mang ei sann skrøne å fortelje deg.

Husa rommar òg skiftande utstillingar. I år har vi blant anna ei billedvevutstilling etter Rakel Onsum Berg, utstilling av gamle trykkblokkar i fargeriet, ei utstilling om tømmerfløyting og ei sjukepleieutstilling i 2.etasje i Bellestugu.

Villreinutstillinga

I kjellaren på nybygget treff du to utstoppa rein og ei stor utstilling om dei rike tradisjonane for jakt og fangst av rein i Nord-Gudbrandsdalen. Frå isen forsvann og til i dag, har folk frå Lesja søkt til fjellet for å fange villreinen. Både skinn, bein og kjøt frå dyra var livgjevande varer for folk som budde her.

Lær meir om korleis jakta har utvikla seg og sjå funn av gamle fangstreiskap og ski heilt attende frå vikingtida.

Butikken med det sjeldne

Vakre saker og klede av ull, skinn og tre finn du i butikken i nybygget. Der finn du og lokale bakstvarer og mykje anna heimgjord og lokalt.

Lesja kyrkje

Lesja kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1749. Det seiast at ingen som er komme inn i Lesja kyrkje går urørt ut. Altertavla er rekna blant meisterverka i norsk kyrkje- og treskjærarkunst. Tavla er laga av den kjende treskjæraren Jakob B. Klukstad. Krillskurden kring figurane er av det frodigaste i sitt slag. Tidleg på 1900-talet vart mykje av det originale interiøret øydelagt. Den lokale målaren Ragnvald Einbu restaurerte seinare Jakob B. Klukstad sitt arbeid til slik kyrkja framstår i dag. Tunvertane på Lesja bygdemuseum vil gjerne gje deg omvising, ta kontakt i museumsbutikken.

Anna informasjon

På området finn du: Toalett, HC-toalett m/stellebord, heis, museumsbutikk, leikeområde for born, ulike dyr, mange sitjeplassar (ute og inne), parkeringsplass med plass til både buss og campingbilar.

Tysdag - laurdag: Venneforeininga sel i sommarsesongen kaffe og vafler i Hattremstugu.

Lesja bygdemuseum er betjent i ordinær opningstid.

Vi tek i mot grupper utanom vanlege opningstider etter avtale, du kan bestille ved å kontakte avdelingsleiar.

Utleige

Tunstugu er Lesja kommune sin 1000-årsstad. Lokalet gjev ei fin ramme rundt til dømes bryllup, dåp, begravelse og andre arrangement. Tunstugu selskapslokale har sitjeplass til 120 personar, lokalet har kjøkken,toalett og har universell utforming.

For å leige Tunstugu, kontakt Lesja kommune tlf 61244100

Veneforening

Lesja bygdemuseum har ei engasjert veneforeining. Kvar sommar organiserer dei sal av vaffel og kaffi. I tillegg hjelper dei til med praktisk arbeid av alle slag, og dei støttar museet økonomisk ved behov. Følg med på Facebook-sida til museet for oppdateringar om foreininga. Ynskjer du å bli med i veneforeininga? Ta kontakt med leiaren i laget, Håkon Tordhol - eller send bygdemuseet. Velkommen på laget!

Samlingar på nett

Digitalt museum - direktelink til gjenstandar og foto frå Lesja bygdemuseum

Historie

Lesja bygdemuseum vart stifta då ein såg eit behov for å ta vare på historiske og tradisjonsrike gjenstandar og hus i bygda. Lesja Heimbygdslag vart stifta 13. desember 1957, seinare omdanna til Lesja historielag som dreiv museet til Musea i Nord-Gudbrandsdalen vart etablert i 2003, i 2008 fusjonert til Gudbrandsdalsmusea. Det er nå ei eigarstifting som eig husa, anlegget og samlingane, medan Gudbrandsdalsmusea er driftsansvarlege.



Opningstider

I skulen sin sommarferie frå midt i juni til midt i august:

Måndag

Stengt

Tysdag til laurdag

11.00 - 16.00

Søndag

11.00 - 15.00

Frå 21.august 2023:

Etter avtale

Prisar

Vaksne

100,-

Student/Honnør

80,-

Barn under 16 år (opp til 16 år)

Gratis

Sesongkort

230,-

Arrangement Markens Grøde, Jul på Tunet

100,-

Vi tek i mot grupper utanom vanlege opningstider etter avtale, du kan bestille ved å ringe eller sende epost.

Utanom sommarsesongen er kontoret bemanna tysdag, onsdag og fredag.

E-post

oystein.rudi@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

913 85 388

Adresse

Kyrkjevegen 91 Lesja

GPS

(WGS 84): N 62° 6.805', E 8° 51.229'