For skular

Gje klassa di ein artig undervisningsdag!

Steinalderdag, omvising i krigsminnesamlinga, ein tur til vikingtida eller eit blikk på gardslivet eller reinsjakt i tidlegare tider…..
Gudbrandsdalsmusea tilbyr ei rekkje opplegg for skuleklassar, alle tilpassa kompetansemåla i læreplanverket. Skuleklassar kan også få omvising i dei faste utstillingane våre, eller vi kan komme til skulane og halde opplegg der.

Om de ikkje finn det de leiter etter, eller om de ønskjer opplegg spesielt tilpassa for di klasse - ta gjerne kontakt med næraste avdeling direkte. Det er fint om de tek kontakt tidleg, slik at vi har tid til å tilrettelegga eit godt program.