Om oss

Om museet


Gudbrandsdalsmusea gjer historie levande gjennom museum, arkiv og besøkssentre frå Ringebu og nordover i Gudbrandsdalen. Vi tek vare på hus, tradisjonar, reiskap, instrument, bilete, brev, musikk og anna verdifullt frå tidlegare tidar slik at du kan få sjå og høyre korleis menneska levde.

I Lesja, Lom og Vågå kan du besøke eit av friluftsmusea med tømmerhus frå 1600-, 1700- og 1800-talet. Ved disse musea er det ulike aktivitar heile året.

I privatarkiva på Dombås, Ringebu, Vågå og Skjåk kan du finne fram gamle skattar eller lære meir om tidlegare slektars liv. Tryllande tonar frå heile dalen finn du i folkemusikkarkiva i Vågå og på Vinstra. Arkivarane er dyktige til å finne fram i arkiva og står klar til å hjelpe deg.

Er du interessert i krigshistorie, kan du dra til Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam. Her kan du òg få omvising, eller besøke krigsminnemerket over falne døler like utanfor. På Dombås kan du sjå innom Einbustugu der den verdskjende astronomen Sigurd Einbu budde. Her ligg bøker og reiskap som Einbu nytta i forskningen sin. På Otta Bergverkssenter kan du lære om stein og historiane om korleis dei har vore nytta av menneska. I Lom finn du Norsk fjellmuseum inne på Norsk fjellsenter, med mellom anna utstillinga Bergtatt som syner fram menneska si bruk av fjellet i all tid. På Hundorp finn du pilegrimssenteret og Oppland fylkes tusenårstad. Vi har ansvar for pilegrimsleden frå Vingrom/Brøttum i sør til Nord-Sel. Her kan du òg overnatte, besøke gardsbutikken eller sjå ulike utstillingar. På Ringebu og i Lom kan du vitje stavkyrkjeutstillingane like ved stavkyrkjene og lære meir om korleis kyrkjene vart til. 

Museet har bygningsvernrådgjevar som kan bistå offentlege instansar, eigarar og andre interesserte.

Direktøren held til på Dale-Gudbrands Gard, Hundorp.