Gudbrandsdalsmusea gjer historie levande gjennom museum, arkiv og besøkssentre frå Ringebu og nordover i Gudbrandsdalen. Vi tek vare på hus, tradisjonar, reiskap, instrument, bilete, brev, musikk og anna verdifullt frå tidlegare tidar slik at du kan få sjå og høyre korleis menneska levde.
I Lesja, Lom og Vågå kan du besøke eit av friluftsmusea med tømmerhus frå 1600-, 1700- og 1800-talet. I privatarkiva for som dekker 9 kommunar med avdelingar på Dombås, Ringebu, Vågå og Skjåk kan du finne fram gamle skattar i dokument eller fotografi, eller lære meir om levd liv i Gudbrandsdalen. Tryllande tonar frå heile dalen finn du i folkemusikkarkiva i Vågå og på Hundorp. Er du interessert i krigshistorie, kan du dra til Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam. På Dombås kan du sjå innom Einbustugu der den verdskjende astronomen Sigurd Einbu budde. På Otta ligg Otta Bergverkssenter med stein og historiane om korleis dei har vore nytta av menneska. I Lom finn du Norsk fjellmuseum inne på Norsk fjellsenter, med mellom anna utstillinga Bergtatt som syner fram menneska si bruk av fjellet i all tid. På Hundorp finn du pilegrimssenteret og Oppland fylkes tusenårstad. På Ringebu og i Lom kan du vitje stavkyrkjeutstillingane like ved stavkyrkjene.
Kom innom ei av våre avdelingar og få ein smakebit av historia!
Friluftsmusea

Skrivabrød, tynnkaku, bunadar, lam, vaflar og ein haug med folk i arbeid. Om sommaren er tunet på Lesja bygdemuseum nett som eit livleg gardstun på 1700-talet.

I skogen i Presthaugen finn du 21 tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet og det som kan vere Noreg sitt største stabbur.

Trollbindande utsikt mellom fortryllande hus i 1700-tals stil.
Besøkssentre
Fjell, kyrkjer, krig, stein og ein verdskjend astronom. Ta turen innom eit av besøkssentra og få med deg ein bit av historia.

På Norsk fjellsenter i Lom sentrum kan du sjå fleire verdskjende funn - gjenstandar som har smelta fram frå isen i fjella. Du kan også få tips til turar i og utanfor nasjonalparkane. Fjellsenteret er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Få med deg utstillinga Bergtatt, om folk og fjell, naturgeografi og framveksten av fjellturismen i Jotunheimen - toppa med lærerike Fjellviten og Vérrommet. I butikken på fjellsenteret er det eit stort utval turkart og bøker om fjell og klima, postkort og suvenirar.

Dei hardaste kampane i Sør-Noreg fann stad i Kvam, då tyskarane og britane braka saman i april 1940. Kyrkja og om lag 70 hus brann ned. Utstillinga er ei unik minnesamling om desse hendingane, krig, okkupasjon og forsvar i Gudbrandsdalen.

Dale-Gudbrands gard har vore eit knutepunkt langs vegen i over tusen år. I dag kan du få omvising langs kulturstigen, informasjon om pilegrimsleden, overnatte eller besøke gardsbutikken.

Er du nysgjerrig på Pilegrimsleden, eller alt på veg? På Dale-Gudbrands gard finn du pilegrimssenter for Gudbrandsdalen med gardsbutikk, overnatting og informasjon om leden mellom Lillehammer og Dovre

Av kring 1000 stavkyrkjer, er Ringebu stavkyrkje ei av dei 28 stavkyrkjene som er bevara fram til i dag. I Ringebu Prestegard finn du kafé, galleri og stavkyrkjeutstillinga med arkeologiske funn, stavkyrkja si historie, oversyn over alle stavkyrkjene i Noreg, bruken av kyrkja opp gjennom tidene og prestegarden, husa, prestane og hagen.

Det har truleg våre over tusen stavkyrkjer i landet. No er det 28 att. Ei av dei står midt i Lom. I stavkyrkjesenteret like ved kyrkja, kan du lære meir om kyrkjeromma, historia om kyrkja, bruken av kyrkja og sjå modellar og gamle gjenstandar frå ulike renoveringar av stavkyrkja.

Kleberstein har spela ei viktig rolle for menneska i Gudbrandsdalen heilt frå vikingtida. Frå 1600-talet begynte folk i tillegg å hente ut skifer og kopar. Bergverksenteret og kulturstigen ved Rustgruvene, syner fram noko av kunnskapen vi har kring bergverk og steinindustri i området.

Einbustugu er barndomsheimen til Sigurd Einbu - hobbyastronom, lærar og gardbrukar. Einbu vart eit internasjonalt anerkjent namn innan astronomi etter oppdaginga av stjerna Nova Geminorum II i 1912.

Treng du råd om kva du kan gjere med eit gamalt bygg? Vår bygningsvernrådgjevar har spisskompetanse innanfor antikvarisk arbeid på gamle hus, byggeskikk og handverkstradisjonar i Gudbrandsdalen.

Ein vegvisar til unike opplevingar knytt til fjellets nomade.

Vågå har gjennom tidene trekt til seg kunstnarar, fotografar, musikarar og handverkarar. Ullinsvin fører den rike arva vidare!
Opplandsarkivet
Ta ein djupdykk i den nære
eller fjerne historia og finn bilete, dokument, protokollar, film, lydfilar eller andre skattar.
Arkivarane har lokalkjennskap og veit å finne fram i lokalhistoria,
kyrkjebøker
og andre historiske kjelder for deg. Vi har avdelingar som dekker heile Midt-og Nord-Gudbrandsdalen og heile dalen med folkemusikkarkiv.

Vi har store samlingar med lokalhistoriske foto og litteratur. Du finn mellom anna brev og artiklar etter amatørastronomen Sigurd Einbu og arkiv frå statsråden og stortingsmannen Lars Moen.

Vi samlar inn og tek vare på tekstar, protokollar, bilete og anna av interesse frå heile Midt-Gudbrandsdalen. Kom gjerne innom og få hjelp til å leite fram informasjon, lokalhistorisk forsking eller å tyde gamle tekstar.

Vi er ein sentral aktør i lokalsamfunnet. Vi samlar inn og tek vare på tekstar, protokollar, bilete og anna av interesse. Kom gjerne innom og få hjelp til å leite fram informasjon, lokalhistorisk forsking eller å tyde gamle tekstar.

Arkivet i Vågå driv aktiv innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kjelder, private arkiv og arkiv frå lag og foreiningar. Den store samlinga av arkivmateriale skapar eit mangfaldig bilete av folk og sammfunn i regionen.

Folkemusikkarkivet har ei omfattande samling av notar, lydopptak, intervju, bilete, bøker, artiklar og anna knytt til folkemusikk og tradisjonsmusikk i området.

Folkemusikkarkivet samlar inn og dokumenterer folkemusikk, tradisjonsmusikk og folkedans frå Gudbrandsdalen.