Opplandsarkivet avdeling Dombås

Vi har store samlingar med lokalhistoriske foto og litteratur. Du finn mellom anna brev og artiklar etter amatørastronomen Sigurd Einbu og arkiv frå statsråden og stortingsmannen Lars Moen.

Velkomen til Opplandsarkivet avdeling Dombås


Opplandsarkivet avdeling Dombås har om lag 200 ulike arkiv frå bedrifter, lag, foreiningar og privatpersonar. Vår arkivar, Ola Tovmo, rettleiar deg gjerne i bruk av arkivet og samlinga, hjelper med tolking av gamle dokument, slektsforsking eller tyding av gotisk handskrift. Du kan òg søkje eller bla i fotosamlinga med over 16 000 digitaliserte og registrerte lokale foto.

Arkivet samarbeider med lokale historielag og andre aktørar i bevaringa av ulikt materiale gjennom innsamling, dokumentasjon og formidling.

Arkivet er lokalisert saman med folkebiblioteket på Dombås, og arkivet og biblioteket har felles lokalsamling med studieplassar, tilgang til PC og leseapparat for mikrofilm/mikrofiche.

Vi tek gjerne imot nye arkiv, foto, film og anna historisk dokumentasjon.

Opningstider

Onsdag

14:00 - 18:00

NB! Arkivet er stengt 7., 21. og 28. nov. p.g.a. ulike møter. Kan treffast i arkivet dei fleste tysdagar og fredagar etter avtale, tlf. 90069225.

E-post

ola.tovmo@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

900 69 225

Adresse

Dombås bibliotek, Frichgården

GPS

(WGS84): N 62° 4,42’ E 9° 7,61’

Kva skjer på Opplandsarkivet avdeling Dombås

Kart

Kontakt