Velkomen til Jutulheimen - Vågå bygdamuseum
Høgt oppe i Prestberget med utsyn over Vågåmo, ligg friluftsmuseet Jutulheimen. Husa er sett opp som inntunet til ein gamal storgard. Kring tunet står ni hus, mellom anna to stover, ein stall med stalltrev og ei smie. Husa er frå 1600-, 1700- og 1800-talet og kjem frå ulike gardar i Vågå.
Jutulheimen er kalla opp etter næraste ”naboen”, trollet Jutulen, og har aldri vore ein gard. Porten inn til Jutulen ser du i berget like under Jutulheimen. Eventyrsankarane Asbjørnsen og Moe gjorde Jutulporten kjent i heile Noreg då dei skreiv ned eventyret om ”Jutulen og Blessomen”. Våre omvisarar fortell deg gjerne korleis det heile gjekk føre seg.
Om sommaren er det omvisar på tunet som syner deg husa, utstillingane og fortel om Jutulen og andre historier du knapt kan tru er sanne. Haust og vår er det kveldsseto og dugurdstreff eit par gonger i månaden i Jutulheimen. Alle er velkomne til å smake på tradisjonell mat og høyre spanande foredrag.
Utstillingar
Kvar sommar er det eller fleire utstillingar i Jutulheimen. Mindre utstillingar med gjenstandar og bilete frå museumssamlinga finn du i husa heile året.
I 2020 er hovedutstillingane flytt ned til Ullinsvin, der du og finn kunst- og fotogalleri:
- Vågåsommar 2020: Håkon Bleken, Kjell Erik Killi-Olsen og 19 andre trønderkunstnarar
- Laponia & Island: Fotoutstilling med Orsolya og Erlend Haarberg
- Krigshistorisk utstilling: Kulturminne frå krigen ved Jutulheimen bygdamuseum
Lydløypa om Munch i Vågå endar/startar i Jutulheimen, dei andre lyddusjane er i Ullinsvin, kyrkja og Veistadhjørnet i Vågåmo.
I tillegg har Jutulheimen ei rekkje arrangement og konsertar, og kulinarisk festmåltid i sommar - du finn info om alle arrangement i Sommarprogram 2020
Utleige
Bryllaup, dåp, konfirmasjon, firmamøte eller anna sosialt lag? Sundstugu og Øyastugu kan leigas på timebasis heile året. I Øyastugu er det fullt kjøken med dekketøy til kring 70 personar.
Ta kontakt for utleige eller omvising utanom opningstid.
Samlingar på nett
Digitalt museum - direktelink til gjenstandar frå Jutulheimen
***
Vågå historielag, stifta i 1929, er eigar av Jutulheimen med samlingar. Det heitte opphaveleg Kustigholet der bygdatunet gradvis vart etablert, i 1956 fekk det namnet Jutulheimen, og vart offisielt opna 21. juli 1957. i 2003 vart Musea i Nord-Gudbrandsdalen etablert, frå 2008 fusjonert til regionmuseet Gudbrandsdalsmusea AS.