Velkomen til Lesja Bygdemuseum
Eit museum i hjartet av nasjonalparkane
13 tømmerhus frå 1700– og 1800–talet er samla i friluftsmuseet. Husa er reist etter mønster av ein gamal fjellgard med inntun til folka og uttun til dyra. Husa er henta frå ulike garder i Lesja. Heile livet til folk utspela seg på gardstun som dette. Her vart dei fødd, her arbeidde dei, og her anda dei ut.
Da var gjenstandar og hus som måtte takast vare på i bygda, og dette vart starten for Lesja bygdetun. Lesja Heimbygdslag vart stifta 13. desember 1957, seinare omdanna til Lesja historielag som dreiv museet til Musea i Nord-Gudbrandsdalen vart etablert i 2003, i 2008 fusjonert til Gudbrandsdalsmusea AS. Det er nå ei eigarstifting som eig husa, anlegget og samlingane, medan Gudbrandsdalsmusea er driftsansvarlege.
Kvar sommar er fleire hundre friviljuge i sving på museet. Dei bakar i eldhuset, smir i smia, syr bunadar i Nestandestugu og syner fram anna husflidsarbeid i Bellestugu. Der kan du òg sjå etter «daudingholet» i veggen, eller kjøpe deg ein kopp kaffi og ei vaffelkaku. Om du er heldig, treff du på den innpåslitne mannen dei seier går att her i stova.
Tør du ikkje gå inn, kan du heller helse på dyra på tunet eller ta deg ein tur i kornmagasinet eller fargeriet. Tunvertane syner deg rundt og har mang ei sann skrøne å fortelje deg.
Husa rommar òg skiftande utstillingar. I år har vi blant anna ei billedvevutstilling etter Rakel Onsum Berg, utstilling av gamle trykkblokkar i fargeriet, ei utstilling om tømmerfløyting og ei sjukepleieutstilling i 2.etasje i Bellestugu.
Villreinutstillinga
I kjellaren på nybygget treff du to utstoppa rein og ei stor utstilling om dei rike tradisjonane for jakt og fangst av rein i Nord-Gudbrandsdalen. Frå isen forsvann og til i dag, har folk frå Lesja søkt til fjellet for å fange villreinen. Både skinn, bein og kjøt frå dyra var livgjevande varer for folk som budde her.
Lær
meir om korleis jakta har utvikla seg og sjå funn av gamle
fangstreiskap og ski heilt attende frå vikingtida.
Butikken med det sjeldne
Vakre saker og klede av ull, skinn og tre finn du i butikken i nybygget. Der finn du og lokale bakstvarer og mykje anna heimgjord og lokalt.
Lesja kyrkje
Lesja kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1749. Det seiast at ingen som er komme inn i Lesja kyrkje går urørt ut. Altertavla er rekna blant meisterverka i norsk kyrkje- og treskjærarkunst. Tavla er laga av den kjende treskjæraren Jakob B. Klukstad. Krillskurden kring figurane er av det frodigaste i sitt slag. Tidleg på 1900-talet vart mykje av det originale interiøret øydelagt. Den lokale målaren Ragnvald Einbu restaurerte seinare Jakob B. Klukstad sitt arbeid til slik kyrkja framstår i dag. Tunvertane på Lesja bygdemuseum vil gjerne gje deg omvising, ta kontakt i museumsbutikken.
Anna informasjon
På området finn du: Toalett, HC-toalett m/stellebord, heis, museumsbutikk, leikeområde for born, ulike dyr, mange sitjeplassar (ute og inne), parkeringsplass med plass til både buss og campingbilar.
Tysdag - Laurdag: Venneforeininga sel kaffe og vafler i Hattremstugu.
Lesja bygdemuseum er betjent i ordinær opningstid.
Vi tek i mot grupper utanom vanlege opningstider etter avtale, du kan bestille ved å kontakte avdelingsleiar.
Utleige
Tunstugu
er Lesja kommunes 1000-årsstad, lokalet gjev ei fin ramme rundt til dømes bryllup, dåp, begravelse og andre arrangement. Tunstugu selskapslokale har sitjeplass til 120 personar, lokalet har kjøkken,toalett og har universell utforming.
For å leige Tunstugu, kontakt Lesja kommune tlf 61244100
Samlingar på nett
Digitalt museum - direktelink til gjenstandar og foto frå Lesja bygdemuseum