Velkomen til Otta Bergverkssenter
Otta bergverkssenter er bygt opp som ei temautstilling om bergverk og steinindustri i Sel kommune i tida 1600 til 1900. Kleberstein er ein mjuk bergart som lett kan skjærast i med kniv. Steinen er samstundes svært varmebestandig. Difor var ho nytta til gryter og andre gjenstander til hushaldninga.
Utstillinga presenterer i tekst, foto og gjenstandar Sel kommune sin geologi og industri knytt til skiferdrift, koparverk og klebersteinsdrift. Du finn også ei mineralsamling knytt til geologien i regionen.
I 2009 vart det etablert ein kulturstig knytt til dei gamle kopargruvene på Rusthøe. Med tilskott frå Riksantikvaren bygde Sel kommune og Gudbrandsdalsmusea ein vel seks kilometer lang kulturstig med 18 informasjonstavler. Stigen tek til ved parkeringsplassen på Rustom rett aust for Otta sentrum.
Industrihistoria er ein sentral del av norsk kulturarv og har nokre stadar etterlatt seg djupe spor i kulturlandskapet.
Dokumentasjon av bergverk- og industrihistoria i Gudbrandsdalsmusea sitt ansvarsfelt
Gjennom eit registrerings- og dokumentasjonsprogram søkjer Gudbrandsdalsmusea å dokumentere, ta vare på og formidle spora etter bergverk- og industrihistoria i regionen. Museet har tilsett eigen registrator som arbeider med dette. Vi har etablert eit godt samarbeid med Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg og er med i det bergsverksnettverket som del av det nasjonale museumsnettverket.
Digitalt museum - direktelink til gjenstandar frå Otta Bergverkssenter