Presthaugen - Lom bygdamuseum

I skogen i Presthaugen finn du 21 tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet og det som kan vere Noreg sitt største stabbur.

Presthaugen - Lom bygdamuseum

Presthaugen - Lom bygdamuseum

22 juni - 15 sep.

Velkomen til Presthaugen - Lom bygdamuseum

Som eit stille glimt frå 1700-talet ligg husa samla som ein storgard med inntun til menneska og uttun til dyra, setertun, husmannsplass og skulestue. Legg du til noko fantasi, er det nett så du kan kjenne smaken av nykinna smør og sjå dei tolv ungane som ein gong fekk plass i den vesle husmannstua. Husa er omgitt av spreidd skog, og ligg som eit mini-Maihaugen like bak Norsk fjellsenter.

På Lom bygdamuseum sitt det gamle gardslivet att i veggar og golv.


Handfast gardshistorie

På gardane var det yrande liv frå før sola sto opp til den siste historia vart fortald over innearbeidet framfor skorsteinen på kvelden. Tre generasjonar budde gjerne saman, i tillegg til ugifte sysken, tenestefolk, handtverkarar og lausfolk. Kom inn og kjenn på stemninga som sit att!

Storstabburet frå 1613 er truleg størst i landet og ein nasjonal kulturskatt. Her kan du undre deg over kvifor det er stukke hestehår inn veggen, og sjå om du finn hola etter fattigfolket som gjorde seg til tjuvar for å stogge svolten i smale tidar.

Husa kjem frå garder i Lom, Skjåk og Vågå og er sett opp av Lom heimbygdslag.

Ta kontakt for omvising eller ynskje om arrangement.

Norsk fjellsenter

Lom bygdamuseum finn du ved å gå turstigen innover frå Norsk fjellsenter - som og er del av Gudbrandsdalsmusea. Her finn du utstillinga Bergtatt, Fjellvitensenter, vérrom, utstillingar, besøkssenter, butikk og kafé. Sterkt anbefalt!

Samlingar på nett

Digitalt museum - direktelink til gjenstandar og foto frå Lom bygdamuseum

***

I 1925 vart Lom heimbygdslag etablert for å kjøpe ei samling på 355 gjenstandar frå Olav Aukrust. Til å begynne med hadde dei utstillingar i prestegarden, til stemneplassen Presthaugen vart teken i bruk som museumsområde. I 2003 vart Musea i Nord-Gudbrandsdalen etablert, som fusjonerte til regionmuseet Gudbrandsdalsmusea AS i 2008.



Sommaren gjennom kan du vandre i historiske omgjevnader og sjå utstillinga i Storstabburet. Torsdag 18. august er det ope hus og aktivitetar for alle i Presthaugen. Det blir gamaldags skuledag, riding, musikk, omvising, kaffi og biteti.


Prisar: Inngang til museumsområdet er gratis.

Vi tek imot grupper og skuleklasser etter avtale, du kan bestille ved å ringe eller sende epost.

E-post

oystein.rudi@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

913 85 388

Adresse

Brubakken 12, 2686 Lom

GPS

(WGS 84): N 61° 50.285', E 8° 33.806'