Velkomen til Opplandsarkivet avdeling Midtdalsarkivet
Hausten 2017 fekk arkivet overført arkivmateriale frå Maihaugen med opphav frå Midt-Gudbrandsdalen. Her er det mykje spanande du kan søkje i. Kom gjerne innom for å ta ein titt.
Avdelinga i Ringebu driv aktiv innsamling og registrering av arkiv frå Midt-Gudbrandsdalen. Arkivet tek vare på arkivmateriale frå privatpersonar, organisasjonar, bedrifter, foreiningar og lag. Vi samarbeidar tett med Ringebu historielag.
Arkivet held til i det nye innovasjonssenteret midt i Ringebu sentrum.
Digitalt museum - direktelink til foto frå Midtdalsarkivet
Digitalt museum - direktelink til foto frå Ringebu historielag
Digitalt museum - direktelink til foto frå Gausdal historielag
Arkivportalen - direktelink til arkiv ved Midtdalsarkivet.