Opplandsarkivet avdeling Skjåk

Vi er ein sentral aktør i lokalsamfunnet. Vi samlar inn og tek vare på tekstar, protokollar, bilete og anna av interesse. Kom gjerne innom og få hjelp til å leite fram informasjon, lokalhistorisk forsking eller å tyde gamle tekstar.

Velkomen til Opplandsarkivet avdeling Skjåk

Opplandsarkivet i Skjåk har personarkiv, gardsarkiv, arkiv etter lag og organisasjonar, verksemder og fotografiar. Arkivaren kan stå til hjelp med søking etter slekt, historisk materiale og bruk av kjelder og kjeldekritikk.

Avdelinga i Skjåk er aktiv i lokalsamfunnet med utstillingar, arrangement og foredrag. Arkivet har i tillegg til innsamling og formidling av privatarkiv, gjennom fleire år arbeidd med å bygge opp ei lokal fotosamling. Denne er no på nærare 15 000 bilete. I denne samlinga finn du fotografi av profesjonelle fotografar òg ei større samling private bilete. Ei gruppe friviljuge møtast kvar torsdag for å namne personar og registrere bilete. Bileta kan nyttast i publikasjonar, forsking og anna lokalhistorisk forteljing og dokumentasjon.

Opplandsarkivet avdeling Skjåk ligg saman med Skjåk folkebibliotek. Besøkande har tilgang til Skjåk studiesenter med det de måtte trenge av teknisk utstyr, både til eige bruk og for kurs.

Opningstider

Tirsdag

08:00 - 15:30

E-post

stein.grjotheim@gudbrandsdalsmusea.no​

Telefon

970 57 215

Adresse

Bismo

GPS

(WGS84): N 61° 53.012', E 8° 15.878'

Kva skjer på Opplandsarkivet avdeling Skjåk

Kart

Kontakt