Innlandsarkivet avdeling Vågå

Innlandsarkivet på Ullinsvin i Vågå driv aktiv innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kjelder, private arkiv og arkiv frå lag og foreiningar. Den store samlinga av arkivmateriale skapar eit mangfaldig bilete av folk og sammfunn i regionen. Kvar tysdag er slektsarkivet ope for publikum, og dei tilsette bistår med slektsgransking.

Velkomen til Innlandsarkivet avdeling Vågå

Innlandsarkivet er ei mangfaldig kjelde til lokalhistoria. Her finn du eit breitt og spennande arkivmateriale som dekker kommunane Sel, Vågå og Lom.

Våre arkivarar kan hjelpe deg med å finne fram i og tyde lokalhistoriske foto, arkiv og anna slektshistorisk materiale. Du kan òg få hjelp til å lese gotisk handskrift og få tilgang til kopiar/avskrifter av det kjeldematerialet du treng for å drive med slektsgransking.

Kvar tysdag har vi ope publikumsdag for alle som vil dykke ned i slektshistoria!

Arkivet har tilgang til leseapparat for lesing av kyrkjebøker og folketeljingslister. Du kan be om å få lagt arkivmateriale fram på lesesalen til gjennomsyn, avskriving eller kopiering, dersom materialet er i god nok stand til det. Arkivmaterialet kan ikkje lånast med heim.

Kjenner du til lokalhistoriske foto, video- og lydbåndopptak, arkiv, enkeltdokument eller lignande frå Sel, Vågå og Lom som du meiner det er verdt å ta vare på? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss på arkivet. Vi kan hjelpe deg med å bevare materialet slik at det ikkje går tapt for ettertida.

Arkivet i Vågå finn du i Ullinsvin, i sokkeletasjen under fjøset - saman med Norsk Kulturarv.

Ta gjerne kontakt på førehand, så kan vi finne fram arkivmaterialet til du kjem.

Kontakt oss gjerne før du kjem: folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no.

Digitalt museum - foto frå avdeling Vågå.

Arkivportalen - arkiv ved avdeling Vågå.


Opningstider

Tysdag

11-18

Elles etter avtale med arkivar

Kontakt oss gjerne før du kjem: folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no

E-post

folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

905 11 168

Adresse

Edvard Storms veg 26, 2680 Vågå