Opplandsarkivet avdeling Vågå

Vi er ei mangfaldig kjelde til lokalhistoria. Her finn du eit breitt og spennande arkivmateriale som dekker kommunane Sel, Vågå og Lom.

Arkivet i Vågå er stengt grunna flytting til Ullinsvin i perioden 7. februar - 6. mars
Vi er tilgjengelege for epostkommunikasjon i flytteperioden, trond-ole.haug@gudbrandsdalsmusea.no eller tom.w.rustad@gudbrandsdalsmusea.no

Nye opningstider for arkivet i Vågå frå 6. mars er tysdagar 11.00-18.00

Arkivar i Vågå, Kristin Akslen Hagen, er i foreldrepermisjon 22.02-15.10.2018
Vikar i arkivet er Trond Ole Haug, kontakt  trond-ole.haug@gudbrandsdalsmusea.no
Vikar i folkemusikkarkivet er Tom Willy Rustad, kontakt  tom.w.rustad@gudbrandsdalsmusea.no

Velkomen til Opplandsarkivet avdeling Vågå

Arkivet i Vågå driv aktiv innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kjelder, private arkiv og arkiv frå lag og foreiningar. Den store samlinga av arkivmateriale skapar eit mangfaldig bilete av folk og sammfunn i regionen.

Våre arkivarar kan hjelpe deg med å finne fram i og tyde lokalhistoriske foto, arkiv og anna slektshistorisk materiale. Du kan òg få hjelp til å lese gotisk handskrift og få tilgang til kopiar/avskrifter av det kjeldematerialet du treng for å drive med slektsgransking. Arkivet har tilgang til leseapparat for lesing av kyrkjebøker og folketeljingslister. Du kan be om å få lagt arkivmateriale fram på lesesalen til gjennomsyn, avskriving eller kopiering, dersom materialet er i god nok stand til det. Arkivmaterialet kan ikkje lånast med heim.

Kjenner du til lokalhistoriske foto, video- og lydbåndopptak, arkiv, enkeltdokument eller lignande frå Sel, Vågå og Lom som du meiner det er verdt å ta vare på? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss på arkivet. Vi kan hjelpe deg med å bevare materialet slik at det ikkje går tapt for ettertida. 

Opningstider

Tysdag

11-18 (Stengt fram til 6. mars grunna flytting til Ullinsvin)

E-post

folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

905 11 168

Adresse

Gamlebanken, 2680 Vågå

Kva skjer på Opplandsarkivet avdeling Vågå

Kart

Kontakt