Opplandsarkivet avdeling Dombås

Opplandsarkivet si avdeling på Dombås arbeider fyrst og framst med innsamling, bevaring og formidling av privatarkiv og foto frå Lesja og Dovre. Arkivet har store samlingar med lokalhistoriske foto og literatur.

Welcome to Opplandsarkivet avdeling Dombås

Arkivet er lokalisert saman med folkebiblioteket på Dombås, og arkivet og biblioteket har felles lokalsamling med studieplassar, tilgang til PC og leseapparat for mikrofilm/mikrofiche.

Avdelinga har om lag 160 privatarkiv frå ulike bedrifter, lag, foreiningar og privatpersonar. Blant arkiva kan ein nemne m.a. amatørastronomen Sigurd Einbu, og statsråd og stortingsmann Lars Moen.

Arkiv som er ferdig ordna og ikkje er klausulerte kan hentast fram for bruk på studieplassane i opningstida. I lokalsamlinga er det òg tilgang til å søkje eller bla i fotosamlinga med om lag 10 000 digitaliserte og registrerte lokale foto. Ved arkivet kan du òg få hjelp til m.a. slektsgransking og å lese gamle dokument med gotisk skrift.

Vi tek gjerne i mot nye arkiv, foto, film og anna.

Opening hours

Mandag

14:00 - 18:00

NB! Arkivet er stengt 7., 21. og 28. nov. p.g.a. ulike møter. Kan treffast i arkivet dei fleste tysdagar og fredagar etter avtale, tlf. 90069225.

Mail

ola.tovmo@gudbrandsdalsmusea.no

Phone

900 69 225

Address

Dombås bibliotek, Frichgården

GPS

(WGS84): N 62° 4,42’ E 9° 7,61’

Events at Opplandsarkivet avdeling Dombås

Map

Contact