Welcome to Innlandsarkivet avdeling Sjåk
I samarbeid med Skjåk folkebibliotek har vi tilgang til Skjåk studiesenter som ligg i same bygning som oss. Her kan våre brukarar finne det dei måtte trenge av teknisk utstyr, både til eige bruk og for kurs.
Avdelinga i Skjåk har i tillegg til innsamling og formidling av privatarkiv gjennom fleire år arbeidd aktivt for å få bygt opp ei lokal fotosamling. Denne er no på nærare 15 000 bilete. I denne samlinga er det fotografi av nærast profesjonelle fotografar, men og ei større samling av private bilete. Ei gruppe møtest kvar torsdag for å namne og registrere bilete. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom arkivet og Skjåk historielag.