12. desember - Smørbukk

Smørbukk tok steget frå folkeeventyra og vart teikneserie. Sidan 1941 har det kome julehefte med Smørbukk så godt som kvart år. Kanskje er du ein av dei som les Smørbukk i jula?


For mange ungar har julehefta vore gode å ty til når dagane og timane vart lange før julekvelden endeleg kom. Ikkje alle fekk lov til å lesa desse hefta før sjølve julekvelden. Enkelte måtte vente til etter gåvene var utdelte. Smørbukk var ein gjengangar i mange familiar, og er det kanskje enno.

Folkeeventyras Smørbukk var ein velfødd gut som lurte både haugkjerring og troll og tok med seg alt gull og sylv dei åtte. 30. juni 1938 sto eventyret om Smørbukk på trykk i Norsk Barneblad, illustrert med to teikneseriestriper. I nummeret etter var Smørbukk på plass att, lausriven frå folkeeventyret, no med eigen teikneserie i seks små ruter med litt tekst under. Ein ny norsk teikneseriehelt var fødd.

Den som skapte figuren Smørbukk var teiknaren Jens R. Nilssen. Redaktøren i Norsk Barneblad Andreas Haavoll skreiv dei første fortellingane. Sidan har det vore fleire teiknarar og forfattarar.

Frå 1941 har det kome Smørbukk-julehefte kvart år, bortsett frå 1944. I dei årlege julehefta framover ligg teksten framleis under bileta, medan det har vore snakkebobler i Smørbukk-rutene i Norsk Barneblad sidan 1985.

Smørbukk.jpg#asset:1185
I starten var Smørbukk ein liten gut. Seinare har han etter kvart vakse til ein ungdom på 15-16 år.

Han vert oftast presentert i ein raud islendar. Den vart han først teikna med i Norsk Barneblad i 1950. Frå 1955 har han og hatt islendaren i juleheftet. Då Solveig Muren Sanden tok over som teiknar, dekorerte ho genseren med strekar i staden for dei vanlege prikkane. Då fekk ho spørsmål frå forfattaren om ho ikkje kunne gå over til å teikna prikkar, ho òg.

Ein annan teiknar, Håkon Aasnes, fekk òg mange reaksjonar frå lesarane den gongen Smørbukk drog på seg ei boblejakke over genseren. Han såg behovet for å gje Smørbukk varmare klede vintersdagen, men ville heller ikkje kome på kant med lesarane sine. Resultatet var at Smørbukk fekk ein boblevest. Tradisjonane er ikkje til å spøke med i teikneserieverda heller.

Smørbukk er ein glad gut, han er kreativ og fantasirik, og han viser stor vilje til å prøve nye ting. Ei typisk Smørbukkhistorie opnar med at Smørbukk får ei oppgåve, gjerne av ein av foreldra. Saman med Trond prøver han å løyse denne oppgåva. Noko går gale, slik at dei må ordne opp. Det greier dei alltid, så historia endar godt.

Bortsett frå systera Bjørg, som er framstilt som den fornuftige motsetnaden til Smørbukk, og andre familiemedlemmer, har serien få andre faste bipersonar enn Trond. I starten var han granneguten som Smørbukk ofte var uven med. Seinare har dei vorte kameratar som har opplevd mange eventyr Av andre personar kan nemnast foreldra til Trond, læraren og lensmannen.

smørbukkjul.jpg#asset:1186
Hovudpersonen i serien er Smørbukk. Alt han gjer, er godt meint, men det endar likevel ofte med uventa og litt problematiske situasjonar, som han greier å kome seg ut av.

Smørbukk er eitt blant andre julehefte. I dag er det ein heil flora av ulike utgåver med ulikt innhald. Mange er meir moderne i uttrykksforma. Det har og skjedd endringar med Smørbukk opp gjennom åra. Lesarane, uansett alder, vil likevel oppdage at minna om forventning og glede ved å opne heftet, ikkje har sleppt taket.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Kjelder: http://cdn.simplesite.com/i/45/59/284008259926513989/i284008264410357643._szw440h440_.jpg https://www.wikiwand.com/no/Sm%C3%B8rbukk_(tegneserie) https://nn.wikipedia.org/wiki/Sm%C3%B8rbukk https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/nynorske-aviser-blad-og-tidsskrift/smorbukk/30/913/


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 12/12/2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no