4. desember - Sjekk månen

Sjekk månen før du set deigen! I dag er det 4. desember, og nymånen er her.

Etter gammalt så skulle du baka og slakte på veksande måne. Når du gjorde dette arbeidet med ein måne i vekst, så ville det bli mykje av alt. Slurva du med dette, så sat du att med lite og dårleg resultat. Dei som har venta til i dag, vil få mykje mat å glede seg over når jula kjem.

Bilde: Ann Kristin Leirmo

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 12/4/2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no