5. desember - God hjelp

Torbjørg Utgård på Lesja er ei av mange som brukar av tida si til glede for oss alle. Vi er svært takksame for all dugnadsinnsatsen som gjerast av frivillige på alle våre avdelingar.

På dei ulike avdelingane i Gudbrandsdalsmusea har vi eit stort korps med friviljuge som legg ned ein kolossal innsats! Det vert vøla hus, kokt kaffe, hesja, demonstrert og lært bort husflids- og handverksteknikkar, arkivert, vaska, bakt og reparert. Fleire har vore med gjennom fleire tiår, og til og med vore med å bygge opp avdelingar til det dei er i dag.

I dag markerer vi FNs internasjonale dag for friviljugheit, og samstundes den offisielle opninga av «Frivillighetens år 2022».

Ei god gjerning

Friviljugheit – arbeid utan lønn eller noko anna form for økonomisk vederlag. Friviljug arbeid vert ofte kalla dugnad når fleire går saman om å utføre ei oppgåve. Ordet dugnad stammar frå norrønt dugnaðr – «hjelp, god gjerning, kraft», i slekt med det norske ordet duge.

IMG_0237.JPG#asset:1159
Ein dugnadsgjeng tar vårpussen ved Lesja bygdatun. Foto: Gudbrandsdalsmusea.

På landsbasis tilsvarar friviljug arbeidsinnsats i dei friviljuge organisasjonane 142 000 årsverk (2020), og 63% av befolkninga (over 15 år) har gjort friviljug arbeid i løpet av det siste året (2019). Friviljug arbeid bidrog i 2018 med ei verdiskaping tilsvarande 78 milliardar kroner!

Gudbrandsdalsmusea er svært takksam for den fantastiske innsatsen friviljuge personar, lag og organisasjonar legg ned på alle våre avdelingar. Vi vil takke for alle dugnadstimar i året vi snart har lagt bak oss, og gratulerer med opninga av «Frivillighetens år 2022».

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

(Kjelder: Wikipedia, SSB, Frivillighet Norge)

(Bilde: Gudbrandsdalsmusea)

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 12/5/2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no