Eirik André Høyesveen - Månadens friviljug

Han ler og seier han bruker alt for mye tid på fotballen, men for månadens friviljug er fotball vorte ein del av kvardagen. Eirik André Høyesveen får prisen for å halde kulturarven vår levande.

Idrett er meir enn kappestrid. Idrett er fellesskap og folkehelse, verdiskaping og lim i eit lokalsamfunn. Frå Lillehammer til nørdst i dalen er det folk som legg ned ein stor innsats for denne delen av kulturarven vår. Å drive med idrett i seg sjølv er kultur og kulturarbeid.

For å bere arven vidare trengst det både utøvarar og støtteapparat.

Juryen trekker fram ungt engasjement når dei vel å gje prisen som månadens frivillig innan idrett til 28 år gamle Eirik André Høyesveen frå Fåvang.

Prisen som månadens friviljug er oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen.

Du kan lese meir om prisen, og finne oversikt over tidlegare prisvinnarar HER

Glad vinnar

-Superartig å anerkjenninga, er det fyrste prisvinnaren seier når vi ringer han om prisen. Men i neste andedrag kan han ikkje skjøne at han har fått den. – Det er jo så mange andre også som gjer ein super innsats, mange andre som skulle hatt prisen og i sær innan fotballen, meiner han.

- Fotballen har gitt meg ein fin arena for å framleis vere engasjert på heimplassen. Han anbefaler idretten og fotballen som ein fin arena for alle å utfalde seg mange oppgåver og store moglegheiter for å utfordre og utvikle seg.

Juryen meiner at nettopp Høyesveen er eit godt døme på all den frivillige innsatsen som leggast ned for fotballen og idretten.

Grunngjeving

Eirik André Høyesveen får prisen som månadens friviljug for innsatsen sin som pådriver, speler, trener og miljøskaper i Fåvang fotball.

Høyesveen har synt eit engasjement som langt går utover det som kan ventast av ein frivillig. Seint og tidleg er han opptatt med fotballen både på og utafor bana. Han er like opptatt av det sosiale som det idrettslege og var ein av drivkreftene for det nye klubbhuset som sto ferdig i 2021. Gjennom sin iver, arbeidsinnsats og idrettsglede er han ein viktig person for at barn og vaksne driv med idrett i Fåvang. Slik sikrar prisvinnaren at kulturarven haldast levande til glede for nye generasjonar.

Idrett som kulturarv

Den organiserte idretten slik vi kjenner han i dag, kom i gang på midten av 1800-talet, men idrettstradisjonane har røter langt bakover i tid. I Reinheimen har arkeologane funne ei tusen år gamal ski, og sagaen fortel at vikingkongane dreiv med idrett som synte både mannsmot og styrke.

Den såkalla immaterielle kulturarven vår er avhengig av å vere i bruk for å kunne bli til glede for nye generasjonar.

Drivkrafta

Prisvinnaren ler og seier han eigentleg bruker altfor mye tid på fotballen. Fire ganger i veka er han på fotballbana på Fåvang, sjølv om han nå bur i nabokommunen Øyer. – Det har vorte ein del av kvardagen, seier han og fortel at det nesten ikkje går ein dag utan ein telefon der noko planleggast. Det er alltid noko som skjer.

Her kan du sjå meir om Ringebu Fåvang fotballklubb

For Høyesveen har engasjementet for å drive med noko for fellesskapet alltid vore der. – Du veit på ein liten plass er det alltid noko du kan gjere, seier han og fortel med det at han likar å vere i aktivitet.

Kva som driv han, har han ikkje noko klart svar på, men trur det handlar aller mest om det sosiale, det å vere i kontakt med så mange ulike folk. I fotballen gir lagidretten høve til å vere saman med folk og samtidig vere fysisk aktiv. Han innrømmer at han nok er i overkant foballinteressert og lokalpatriotisk.

Vi gratulerer med prisen som månadens friviljug!

Prisen vart delt ut på Fåvang stadion. Foto: Privat

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 10/30/2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no