Jan Ivar Randen - Månadens friviljug

- Det er artig at folk legg merke til jobben eg gjer, seier en glad prisvinnar.

Jan Ivar Randen har sidan starten på 90-talet brukt interessa si for veteranbilar til å organisere miljøet og dra i gang det som har vorte landets største veteranbilløp, Flåklypa Grand Prix. For dette arbeidet får han nå prisen som månadens friviljug!

Prisen som månadens friviljug er oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen.
Du kan lese meir om prisen, og finne oversikt over tidlegare prisvinnarar her.

Fyrste tysdag kvar månad, ti månader i året er det kaffetreff i Jotunheimen veterankjøretøyklubb. Her møtast folk som brenn for gamal bil. Det var på eit klubbmøte ideen kom til å starte eit veteranbilløp, og kvifor ikkje med utgangspunkt i Flåklypa, ei grend i Lom som huser Kjell Aukrust sitt fantastiske univers med Solan, Ludvig, og ikkje minst Reodor Felgen i verkstaden sin. Avtale vart gjort med Aukrust og filmskapar Ivo Caprino, og dermed var Flåklypa Grand Prix i gang. I år vart løpet arrangert for 29. gong.

- eg har aldri sett så mye folk i Lom i nokon gong, seier Randen.

- Betyr mye, seier ordføraren

Bjarne Eyolf Holø er ordførar i Lom. Han seier løpet Flåklypa Grand Prix er eit vesentleg bidrag for næringslivet i Lom og nabokommunane. Løpet trekker til seg mange fleire enn bygdefolket og det er få arrangement av denne størrelsen i området. Holø gjer eit anslag på verdiskapinga for næringslivet til 5-6 millionar kroner på berre ei helg.

Han legg til at prisen vart eit viktig bidrag for å sette Lom og Ottadalen på kartet i det dei kallar skuldersesong i forkant og etterkant av turist-tilstrøyminga om sommaren.

Juryen si grunngjeving

Flåklypa Grand Prix er ei årleg hending som lyfter fram historiske køyredoningar på ein positiv og særeigen måte. Deltakarar frå heile landet kjem køyrande gjennom byar og bygder. Køyreturen til løpet, og sjølve arrangementet syner fram korleis kulturarven og historia haldast levande når han blir tatt godt vare på. Det vil truleg også inspirere dei som opplever køyredoningane til å ta vare på og sjå verdien av klenodia.

Løpet krev ein stor innsats frå mange, men nokon må gå framom, vere pådrivar, halde entusiasmen oppe, og ikkje minst organisere og få i stand alt som skal ordnast. Jan Ivar Randen syner korleis ein i små fellesskap kan skape store hendingar som igjen gir enda større ringverknadar for lokalsamfunnet.

Vi gratulerer Jan Ivar Randen med prisen som månadens frivillig i kategorien rullande kulturminne.

Les meir om Flåklypa Grand Prix HER

Heimesida til Jotunheimen veterankjøretøyklubb

Utdeling av prisen blir under statsforvaltarens møte med regionrådet i nord-Gudbrandsdalen, fredag 16. september.

Drivkrafta

Jan Ivar Randen svarar fort når vi spør kva som gjer at han legg ned så mange timar arbeid for veteranbilar. – Eg vil at etterkommarane våre skal sjå korleis alt var tidlegare, og gi eit innblikk i utviklinga som har vore, seier Randen.

Han fortel om starten på Flåklypa Grand Prix.

- Vi var litt skeptiske og lurte på korleis vi skulle klare det, seier han om turen to familiar tok for å køyre løp på Lillehammer og sjå korleis alt vart gjort og kva det kravde å organisere.

Men dei kasta seg på, nedsette ein komité og rigga til 40-50 deltakarar. Det kom 122.

Det artigaste minnet om oppstarten har han om samtala med Kjell Aukrust. For da han la fram ideen for Aukrust, fekk han til svar at han måtte ha med Solan og Ludvig inn i samtala også. Dermed fekk Randen overhøyre ein diskusjon mellom Kjell og dei to figurane der Kjell/Solan hoppa i veret av begeistring, mens Kjell/Ludvig var meir skeptisk. Randen fekk «ja» mot at det vart nedfelt i avtala at det var «forbode å råkøyre med radialdekk over Kjell Aukrust sin eigedom».

Resten er historie.



Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 7/12/2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no