Magnar Bakke - Månadens friviljug

- Triveleg å bli verdsett!

Det er ein glad prisvinnar som tar imot prisen som månadens friviljug framfor kommunestyret i Vågå. Magnar Bakke frå Sjårdalen får prisen for gjennom fleire tiår å ha lagt til rette slik at folk skal få komme seg ut på tur.

Aktiv prisvinnar

Han har akkurat leda eit arbeidslag som har skifta lyspærer i lysløypa i Sjårdalen. 69 punkt er skifta ut til LED-pærer over ei strekning på 3,3 kilometer. Nå ventar han berre på at det skal bli skiføre slik at han kan starte løypekøyring att.

- Eg har alltid likt å legge til rette slik at folk kan komme seg ut og få drive idretten sin, seier Bakke. Han likar at ting er lagt til rette og har vore aktiv i Sjårdalen idrettslag sidan han var 12.

Innsats for friluftsliv

Prisen som månadens friviljug er oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen.

Du kan lese meir om prisen, og finne oversikt over tidlegare prisvinnarar HER.

Magnar Bakke er nå 75 år. I over 60 år har han vore engasjert gjennom Sjårdalen Il der han mellom anna har lagt til rette for skiløyper og merka stiar. Han har organisert dugnadar, stått bak opparbeiding av anlegg, vore sentral i større idrettsarrangement og arrangert turar og treningskveldar.

Motivasjonen har vore folkehelse, å legge til rette for andre slik at folk får utøve idretten sin.

Juryen meiner Bakke gir eit viktig bidrag for å sikre at friluftsliv som kulturarv haldast levande til glede for nye generasjonar.

Bakke får prisen for sin innsats for friluftslivet. I ei stortingsmelding frå 2016 står det at friluftsliv er ein sentral del av norsk kulturarv som ein nasjonal identitet og som viktig kjelde til høgare livskvalitet og betre helse.

Prisen vart delt ut av direktør i Gudbrandsdalsmusea, Øystein Rudi.

Foto frå utdelinga: Arve Danielsen, Fjuken

Kom med forslag til frivillig innan bygningsvern. Les meir her. Forslaga må vere innkome innan nyttår.

Thea-og-Olav-promo.jpg#asset:1239

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 12/15/2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no