Reidar Marstein er månadens friviljug for februar

Kategorien fangst og fiske er berre eit av mange tema månadens friviljug er opptatt av. Reidar Marstein frå Lom er ein som har gitt av seg sjølv gjennom mange år. Det arbeidet vil Gudbrandsdalsmusea lyfte fram.

- Det er veldig triveleg å bli verdsatt, seier Reidar Marstein frå Lom. Han er kåra til månadens friviljug av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdal historielag Dølaringen.

Marstein får prisen for sitt mangeårige arbeid for kulturarven i Gudbrandsdalen. Ved Fjellmuseet i Lom kjenner dei Marstein godt. Avdelingsleiar Mai Bakken fortel at Marstein er lett å spørje om hjelp og han stiller opp både som foredragshaldar, turguide, på dugnad og anna arbeid. - Han har vore med på å synleggjort denne viktige kulturarven lokalt og regionalt. Kulturarven og alle dei brearkeologiske gjenstandane har fått eit lokalt «ansikt» med Reidar. Det trur eg eg er svært viktig for å bygge stoltheit lokalt og regionalt kring kultarven og kor viktig den faktisk er! Det har vore veldig viktig for oss i seg sjølv, seier Bakken.

Les meir om Marstein og hans arbeid her

Prisen som månadens friviljug går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen. Arbeidet er til glede for mange.

Juryen grunngjev prisen slik:

Hobbyarkeolog Reidar Marstein får prisen som månadens friviljug for sin utrettelege innsats i fjellregionen. Innsatsen har gitt oss ny kunnskap om historia vår, gjennom gjenstandar som er funne i samband med bresmelting. Han har vore ein pådrivar for å registrere gamle ferdselsvegar. Funn han har gjort har sett Gudbrandsdalen på kartet og lyfta fram kulturarven vår også nasjonalt. Marstein er også opptatt av å gje historia vidare til nye generasjonar, noko han mellom anna syner ved å ta med skuleelevar til fjells for å syne gamle fangstanlegg og fortelje historia rundt dei.

Det er interesse for fjellet og historia som er drivkrafta til Reidar Marstein. – Eg synest fjellet si historie er så spennande, seier han, og legg til at det er den eldste kulturen Gudbrandsdølane har. Ekstra spennande har det vore siste året, seier han. Saman med fylkesarkeolog Espen Finstad har han registrert gamle ferdselsvegar. Særleg trekker han fram kristningsferda til Heilag Olav mellom Lesja og Lom. Langs vegen har dei registrert 300 vardar, gravrøyser og ein gravhaug over ein som truleg har mista livet på turen. Kristningsferda har Snorre Sturlasson skreve om i sin kongesaga.

- Kjempeartig arbeid, seier prisvinnaren. Han har ingen planar om å roe ned.

Bilete: Kvart år tar Marstein med seg 5. klassingane ved Loar skule med seg på tur til Liafjellet for å fortelje om gamle fangstanlegg. Foto: Loar skule

Prisen vart delt ut i samband med eit arrangement i regi av Fjellmuseet i Lom torsdag 24. mars.

Foreslå kandidat for mars

Vi ser nå etter nye kandidatar til månadens friviljug. Tema for mars er husflid og handverk. Sjå meir her.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 3/25/2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no