Fru Christine Storm Munch og hennar kokebok

( Unni Bostad, Johan Storm Munch, Ivar Teigum, Arne Brimi, Torveig Dahl (red) )

Kva for råvarer hadde ho? Korleis kunne denne ekstraordinære kvinna få armslag og lage slike kulinariske finessar som vi finn i hennar originale, handskrivne oppskrifter? Ho var fødd i Vågå i 1746 der ho voks opp. Ho var kapellankone i Ringebu, prestekone i Vågå, prestekone i Fluberg - før ho kom att som enke åt Vågå, der ho døydde i 1825. Ho samla oppskrifter som er bevara - som vi her har eit utval av i denne boka, saman med artiklar om ho og hennar liv, presteliv i Vågå, Storm og Munch- slektskap, om mattradisjonar og urtedyrking i den tida. Meisterkokken i Gudbrandsdalen, Arne Brimi, har latt seg inspirere av hennar oppskrifter til ein bukett av freistande matoppskrifter. Alle foto er frå Ullinsvin, Jutulheimen og Vianvang. Ein stor del av gjenstandar i boka er frå ho og hennar familie. Boka er såleis i stor grad autentisk frå seint på 1700-talet/tidleg 1800-tal.

Gjer boka til di bok, fyll inn med dine variantar og kommentarar. Slik kan hennar mat-tradisjonar vandre vidare framover i tida.

Grafisk formgjevar Morten Løwe mfl. har laga dette til ei vakker kulturhistorisk kokebok om denne oldemora til Edvard Munch og hennar liv i Ullinsvin, prestegarden i Vågå, som i dag er eit kultursenter med den restaurerte hagen som eit frodig midtpunkt.

395,-