Støyp ljos

Med dyr straum om dagen, kan det vere ein ide å støype ljos på gamle måten. Her får du oppskrift frå Adolf Gundersen i Vågå.

Når dei slakta til jul i gamle dagar, var det ein ting som var særleg viktig; Det var å ta godt vare på all talga, både av store og små dyr. For talga kunne brukast til så mangt før i tida. Ikkje minst trong dei mykje talg til å støype ljos av. For dei skulle helst ha ljos nok for heile året, og da var det ikkje reint lite av det slaget som skulle til.

Før parafinlampa kom, var det ikkje anna ljos i daglegstugu enn ljoset frå logane på peisen. Andre stader laut ein ha talgljos å hjelpe seg med. På soveroma utanom daglegstugu, hadde dei aldri anna en talgljos. Det same var tilfelle i stabbur, aurbu og fjøs i den mørke årstida. Men attåt talgljosa vart nok feitved-spika mykje brukt i uthusa.

Oppskrift på talgljos

Eg skal nå nemne lite grann om korleis dei støypte ljos, slik eg hugsar ho mor gjorde det. Først samla ho i hop all talga ho skulle bruke. Den samla ho i ein «mårrstokk». Det var ein tjukk trekubbe som stod på ende og var hola ut som eit fat ovantil. I denne utholinga i stokken hakka dei først talga, anten med ein kniv eller med ei øks. Det var mykje om å gjera å få feitt.

ljosstokk.png#asset:1179

Dette er ein ljosstokk vi har i Jutulheimen i Vågå. Den har vorte brukt til å frakte ljos til dømes til setra. Ljosstokken var noko av det mest dyrebare dei hadde med seg. Bilde: DIgitalt museum

Etter talga var hakka, vart ho smelta i ei gryte, og deretter sila gjennom ein silduk, så dei fekk skild frå det som ikkje selta. Dette som vart att kalla dei «krotoa». Talga var da ferdig og støypinga av ljos kunne ta til.

Til dette arbeidet måtte dei ha ei gamal smørkinne (stavkinne) to stolar, to lange stavar, ein del lange granne teinar og nok ljosrak-garn. Dei lange stavane la dei med ein ende på kvar av stolryggom. Dei granne teinane hengde dei ljosrak-garnet over. Dette garnet skulle bli veike i ljosa. Dei klypte det av dobbelt så langt som ljosa skulle vera, slik av veiken var dobbelt tjukk.

Det var hengt så mange veiker på kvar tein som det var rom til å duppe i kinna, utan at dei kom inn til kvarandre. Teinane la dei over dei lange stavane, slik at veikene kunne henge fritt mellom dei. Når dei hadde laga så mange veiker dei ville, kasta dei nokre gamle filler på golvet til å fange opp feitt-dropar. Så fylte dei ein god del med kokande vatn i kinna og fylte etter med talg til kinna vart full.

Så tok dei teinane etter tur og duppa nedi kinna, så det festa seg eit tunt lag med talg til veiken. Etterpå var det å ta ein ny omgang med teinane att., for å få meir talg på veiken. Slik heldt dei på til dei fekk ljosa så tjukke som dei ville. Men dei måtte sjølvsagt stadig passe på å fylle ny talg i kinna etter som den vart brukt opp. Med god øving kunne dei støype mange ljos på ei kveldstund.

Kjelde: Adolf Gundersen – Ljos-støyping i gamle dagar

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 10.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no