Potetkvenn

Oppskrifta på lefse varierer frå distrikt til distrikt, til og med frå familie til familie. Det er ulike mjølsortar, potetsortar og blandingsforhold. Kanskje har du ei eiga oppskrift?

Å bake lefse har vore, og er framleis ein viktig del av juleførebuinga. Det er mange variantar av lefse, både tynne og tjukke, med og utan kulturmjølk, natron og rømme. I hovudsak vart den tradisjonelle tynnlefsa laga av mjøl og vatn og stekt på ei bakstehelle, ei stor jernplate med vedfyring under. På 1800-talet begynte ein å blande inn potet i oppskrifta, og potetkverna vart eit naudsynt reiskap.

Gudbrandsdalsmusea har fleire slike potetkvernar i samlinga si. Denne er laga av bjørk, og vart brukt ståande på eit bord. Kokte potetar vart lagt i kvernhuset og ei kvernskrue mosa potetane. Da kjøttkvernane av støypegods vart vanlege fyrst på 1900-tallet, gjekk potetkvernane ut av bruk.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Foto: Søren Hald, Gudbrandsdalsmusea

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 14.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no