Perposten

Speidarane på Lesja har i 1934 løysinga på problem med stress i julestria. I ei gamal handskriven "avis" frå 1930-40-talet, "Per-Posten", skildrar dei korleis ein kan kome seg bort frå mas og kjas.

Når allt er gjort frå seg og dagen lid
Då samlar bålet til moro ei rid
Med songar og stubbar alvor og tøys

Det ser ut til at speidartroppa vart starta rett før jul i 1931, og dei fyrste sidene i "avisa" er frå 1932 eller 1933. Det er ei blanding av referat frå aktivitetane i laget, og lengre stykke med med framtidsfantasiar og flotte illustrasjonar - mange fullt på høgde og i same ånd som Kjell Aukrust.

Per R. Einbu (1918–2013) var nok ein sentral gut i gruppa. Han har mange flotte illustrasjonar og tekster i "avisa", som her frå julenummeret i 1934. Han dreiv seinare i livet mykje med både teikning, måling og treskjering. Han har m.a. illustrert Bygdebok for Lesja med teikningar av alle gardane i bygda, teikna alle setrene i Lesja i boka Setrane i Lesja, og illustrert fleire andre bøker o.l. Frå 1960 budde han i Søndre Land og arbeidde ved Hov Møbelindustri, og han har dekorert fleire bygningar med måleri i Land-kommunane.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

per-posten_103.jpg#asset:1206

per-posten_104.jpg#asset:1207per-posten_105.jpg#asset:1208

Frå julenummeret i 1934.

I Lesja

Den 18 desember er troppa tri år
 
Ja er det kje rart som tida går
Arbeidet skiftar med ålvor og song
Med turer og ferder imillom eingong.
 
Når dalen stundom blir oss forheit
So må du kje tru at me står ibeit
Då dreg me til fjells for det friskar so upp
og koma til seters ein liten trupp.
 
Når allt er gjort frå seg og dagen lid
Då samlar bålet til moro ei rid
Med songar og stubbar alvor og tøys
til rosignalet jagar alle til køys.
 
Speiderlivet er utan like
kongar er me i vort eige rike
Difor er speidarguten aldri sturen
Sorga den la med att i naturen.

P. E.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 17.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no