18. desember - Gjendines jul

På slutten av 1800-talet starta juleførebuingane 7 veker før jul. Det fortel Gjendine Slålien (1871-1972) i ein artikkel om gamle juleskikkar. Hennar jul var før juletreet og kaffien kom til dalen.

Gjendine Slålien var seterjenta frå Gjendebu i Vågå som vart landskjend som inspirasjonskjelde til Edvard Grieg. Gjendine fortalde at fyrste oppgåva på garden Slålien var å få tørka og malt kornet til vinteren. Deretter var det å starte med ølbryggjinga og brødbaksten. Oppgåvene stod på rekkje og rad, og med slaktinga følgde det også med lage pølser og sylte. Litt tettare innpå jul baka ein mjukbrød og kaker.

Gjendine hugsar at det var vanleg med rumbrød, avletter, fattigmann og jernbakels. Det kunne vera mange som kom for å steike kaker same dagen, for det gjorde dei i turrstugu. Den gongen var det mange som ikkje hadde steikeomn sjølve, så dette var ein livleg dag der kaker vart køyrt heim til alle krokar av grenda.

Juletreet kjente ingen til oppi dalane her den gongen, men julenek hadde dei mange av rundt på husa sine. Dette var også tida før kaffien, så etter julemiddagen med mjølkegryn og ribbe var det dram og biteti.

Juledagsmorgonen vakna folk i bygda av juleskot, og da var det om å gjere å koma seg ut og få tak i skyttaren. Skikken var å ta skyttaren med seg inn, for han skulle ha dram!

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Foto: Bergen Folkebibliotek

Kjelde: "Heim og bygd" av Lom heimbygdslag, 2003

Gjendine-1.jpg#asset:1211Gjendine-2.jpg#asset:1212Gjendine-3.jpg#asset:1213

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 18.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no