Kyrkjeklokka

«Kim alle klokker, ja kimar før dag i det dunkle.» Heilt sida 1776 hadde kyrkjeklokkene kalla folk til messe på Kvam. Etter krigen var det berre att smelta bitar av den gamle kyrkjeklokka.

DÅ KYRKJA BRANN

9. april 1940 gjekk Tyskland til åtak på Noreg og vi var i krig. Den tyske krigsmaskina byrja felttoget i Sør-Noreg og norske styrkar klarte ikkje å stogga dei på veg nordover frå Oslo. Ikkje eingong med hjelp frå engelske styrkar. Konge, regjering og Storting flykta nordover med tyskarane hakk hæl. Heldigvis slapp dei unna og kunne føre motstandskampen vidare frå England.

Tyskarane kom oppover Gudbrandsdalen og norske og britiske styrkar samla seg i Kvam for å nedkjempe dei. 25 april starta det som blir omtala som dei hardaste kampane i Sør-Noreg under 2. verdskrig. Slaget starta sør for Kvam og lenge klarte dei allierte å halde stillinga, men måtte trekke seg attende til Kvam sentrum der dei forskansa seg på nytt.

Nordmenn og britar kjempa godt og hardt, men tyskarane hadde artilleri, tanks og flystøtte. Då tyskarane byrja å skyte med artilleri kom mange hus i brann. Og det vart verre då flya tok til å sleppe bomber over dei allierte stillingane. Mange av innbyggjarane i Kvam flykta til fjells.

Ut på dagen 26. april skjedde det, kyrkja fekk ein direkte treff og blei satt i brann. Det gamle trevirke som var tjærebredd og tørt gjorde at elden fekk godt tak. Kyrkja stod i full fyr, ho var ikkje til å redde. Elden var så varm og intens at kyrkjeklokka smelta. Ein bit av klokka vart seinare plukka ut av ruinane og står nå utstilt i Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam.


SS-HHL.S-00146.jpg#asset:1140

FØR: Her ser du korleis kyrkja på Kvam såg ut før ho brende.

27. april trekte nordmenn og britar seg attende og flykta nordover. Etter små trefningar mellom Kjørem og Otta vart motstanden svekka og evakueringa starta. Kampane i Sør-Noreg var på det næraste over og Kvam hadde mista 70 hus og kyrkja.

Etter krigen vart kyrkja bygd opp at og stod ferdig vigsla i 1952.

«Fred over jord, himmelens fred med Guds ord.» ( Heile salmen finn du i NOS nr. 049)

1111.jpg#asset:1141

NO: Her ser du Kvam kyrkje slik ho står i dag.

***

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.



Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 02.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no