Nisselua

Den raude topplua har lang historie og sterk tradisjon i Norge. Sidan den franske revolusjon har lua vore eit symbol på fridom. Det vart ein trussel for okkupasjonsmakta da krigen kom til Norge.

I Norge kan vi spore bruken av den raude topplua heilt attende til mellomalderen. I dag er lua mellom anna ofte brukt i folkedrakter.

Ei lita lue vart ein stor trussel

I motsetnad til i Europa på attenhundretalet, der interessa for toppluene gjekk ned, brukte framleis menn i Norge topplua som vanleg påkledning. Dette kunne vere både heimestrikka eller ferdigkjøpte luer. Luene var både raude og blå og med ein liten dusk.. Luene viste og til ein arbeidartradisjon, i motsetnad til byens menn, som gjekk med hatt. Som del av bunadane inngjekk den raude topplua i ein folkeleg motkulturell bevegelse, særleg retta mot makteliten og unionen mellom Sverige og Norge.

Det gjorde at luene var egna som symbol på det norske og på motstand under andre verdskrigen. Da fekk symbol på det nasjonale og norske nytt oppsving i det nazi-okkuperte Norge. Strikking og norske mønstre vart ein del av sjølvforsyning og heimeproduksjon, men også ein form for protest og fellesskapskjensle. Difor vart raude toppluer særs populære under krigen og vart sett på som eit nasjonalt symbol.

Lue-forbod

I tida 7 juni 1940 til 8 mai 1945 var Noreg okkupert av Tyskland og okkupasjonsmakta styrte landet med sensur og eit terrorvelde. Det var mange forbod og restriksjonar.

I samlinga på Kvam har vi mange gjenstandar frå krigshandlingane i Kvam våren 1940 og frå motstandskampen gjennom okkupasjonsåra. Vi har og gjenstandar frå dagleglivet som syner korleis folk hadde det i kvardagen. Okkupasjonen påverka og dagleglivet, særleg jul og førjulstida.

Mange ting vart det forbod mot. Feiring av 17 mai, festar og andre tilstellingar var ikkje tillat. Det å bruke norske symbol vart det lagt restriksjonar på, og sensuren var streng.

Den raude nisselua vart av tyskarane sett på som eit teikn på norsk motstandskamp og var ikkje tillate brukt offentleg. Frå 26. februar 1942 var det straffbart å bruke røde toppluer for alle. Luene ville bli inndratt, og straffeansvaret for barn under 14 år ville bli lagt på forelderen. Brukte du ei raud lue vart du arrestert

Det stod på plakatar rundt omkring

«Advarsel. Røde toppluer. Bruken av røde toppluer har tiltatt så sterkt i den senere tid at det fra nu av betraktes som demonstrasjon. Bruken av disse luer forbys derfor fra og med torsdag 26. februar 1942. Fra denne dag vil toppluer bli fratatt enhver som opptrer med sådanne og straffansvar gjort gjeldende mot vedkommende – for barn under 14 år – mot foreldre eller foresatte.»

Dette er noko å tenkje på inn mot jul og julebukktida. Så bruk den raude topplua med stoltheit.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

(Kjelde: Norsk folkemuseum)

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 20.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no