Stueflotten

- I haust har vi arbeidd med verandaen, sjølve smykket. Bygningsvernrådgjevar ved Gudbrandsdalsmusea Håvard Syse, hjelper eigarane med å bevare historiske Stueflotten hotell for framtida.

Stueflotten på Bjorli, har ei lang og rikhaldig historie, spesielt kjent som tidleg turist-destinasjon. Turismen starta med skysstasjon, gjester budde i den lange tømra bygningen, skysskarane hadde eige husvære. Stueflotten var attraktiv for engelske fjellturistar på jakt etter godt fiske og fine fjellturar.

SF5.jpg#asset:1226

Stueflotten har vore i drift lenge, mykje utmark, jakt og fangst, gardsbruk, turisme, entreprenør. Tunet flytta til dagens plassering når? I 1900 vart det bygd ny hotellbygning, i karakteristisk sveitserstil. Denne står framleis. Dette var lenge eit populært reisemål for sunnmøringar, Raumabana hadde stopp ved Stueflotten stasjon og bagasje vart frakta opp.

SF4.jpg#asset:1227

Under andre verdskrig, 22. april 1940 heldt kong Håkon statsråd på Stueflotten, det siste før medlemmane vart skilde og kongen etter kvart reiste til England. Her vedtok dei at heile den norske handelsflåten skulle styrast frå London av den norske regjering. Gjennom dette vedtaket vart verdas største rederi skipa, over 1000 fartøy og 30000 sjøfolk. Dette var Nortraship. Kanskje den mest strategisk vellykka enkelthendinga for vidare utvikling av krigen. Det var dramatiske dagar under flukta oppover Gudbrandsdalen mot Romsdalen og vidare i sikkerheit. For bebuarane på Stueflotten og omkring var dette dei mest intense dagane av krigen, flytrafikk, bombing og tyske styrker på veg.

Stueflotten har gått gjennom store endringar, fyrst Raumabana med Stueflotten stasjon. Med biltrafikken og E136 kom nye samfunnsmessige endringar. Etter krigen vart det slutt på den vanlege turismen. Forsøk på skianlegg og innvendig oppgradering gjekk nokre år på 70-talet, men sidan det har det stått tomt.

SF11.jpg#asset:1228

Sørveggen her dei har starta arbeidet. 

I 2018 starta arbeidet med å ta vare på bygningen. Eigar Per Stueflotten og rågjevar Håvard Syse gjekk over kva som måtte gjerast, og laga ein tilstandsrapport.

Bygningen har 35 vindu, 2 takvinduer Pussoverflater omlag 20 m2 Tak omlag 270 m2 Vegger omlag 450m2

SF13.jpg#asset:1229

Det har stått tomt sidan 70-talet. 

Restaureringa omtalast som viktig både av omsyn til antikvarisk, landskapsmessigt og funksjonell verdi. Dermed har fleire instansar bidratt med midlar, både Kulturminnefondet, Innlandet fylke/RA, Stiftelsen UNI og Norsk Rederiforbund. Lesja kommune har og prioritert bygget i sin kulturminneplan.

SF2.jpg#asset:1230

I haust har Syse og ein studiekamerat gått saman med eigaren og starta på sørveggen.


SF3.jpg#asset:1231

Dei gjer ferdig ein og ein vegg med å både reparere og måle. Da sparar dei arbeidet med å flytte mykje stillas. Nå håpar dei at dei blir ferdige slik at sørveggen kan målast til sommaren og at det kan gjerast som eit kurs i tradisjonell måling.

Vi gler oss til å følgje arbeidet vidare.

Kjelder: Tilstandsrapport

Foto: Håvard Syse, Mathias Paulsen Lien og gamle postkort.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 21.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no