Pilegrimsklokka

Pilegrimsklokka skal ynskje pilegrimar og andre vandrarar velkomne til gards på Dale-Gudbrands gard. Klokka vart laga til tusenårsjubileet Hundorp2021 i samband med pilegrimstrafikken der.

Klokkeklang i bygdene har en lang tradisjon i Gudbrandsdalen som i andre bygder og dalføre. Klokkene har kima til dugurd for onnefolka på gardane rundt om kring og frå kyrkjetårna har klokkene ringt inn til gudstenester og andre kyrkjelege handlingar. I tidlegare tider har klokkeklangen varsla om ufred og krig.

No er onnefolka meir eller mindre borte og gardsklokkane er stilna, men kyrkjeklokkene kallar framleis på folk under dåp, gudstenester og gravferd. Samstundes finn ein andre og mindre tradisjonelle måtar på å bruke klokkeklangen.

Klokka på Dale-Gudbrands gard

Pilegrimsklokka har sitt opphav i Normandie i Frankrike og då frå ein av Frankrikes eldste klokkemakarar, Cornelle Havard. Klokkeverkstaden ligg langs pilegrimsvegen gjennom Normandie frå Rouen til Mont St Michel. Olav Haraldsson vart døypt i Rouen i 1014. Så slik sett er det og ein samanheng mellom klokkemakaren og Dale-Gudbrands gard.

Denne klokka har eit design frå mellomalderen, er eit handverk og laga på den gamle måten. Dagleg leiar av pilegrimssenteret vart merksam på klokkemakaren da han gjekk pilegrimsvandring i Frankrike. Per Gunnar Hagelien fekk vere med på ei omvising og fekk høyre historia. Då dukka ideen opp om ei pilegrimsklokke på Dale-Gudbrand opp. Dette var i 2015. Anledninga kom med Hundorp2021 – tusenårsmarkeringa for kristningsmøtet på Hundorp. «Kvifor ikkje få innprega årstala 1021 og 2021 saman med pilegrimsmotivet på klokka» Kontakt med Cornelle Havard vart oppretta att i 2017 og så byrja ballen å rulle.

Etter ein god dialog med klokkemakaren vart ein eining om forma, den måtte være tidsriktig, og korleis oppheng det skulle væra. Så vart midlane for å betale for klokka funne og klokka bestilt. Så måtte ein finne ut kva slags bygg, korleis klokka skulle festast og kvar den skulle stå. Grunneigarar, kommunen og kulturarvmyndigheitene vart med på laget og – dermed var ein godt i gang. Men kven skulle setja opp bygget? Gudbrandsdalen har mange gode bygningssnikkarar og Nils Teigen frå Lom vart engasjert. Resten er historie – klokka ringte inn til Tusenårsfest på Olsok 2021.

No skal klokka ynskje pilegrimane til gards og kime til messe i pilegrimskapellet på Dale-Gudbrand.

Kanskje vil den også ringe jula inn for Sør-Frøningane?

Foto og tekst: Per Gunnar Hagelien, dagleg leiar av pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands gard, Hundorp

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 23.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no