24. desember - GOD JUL!

Vi ynskjer alle ei god jul med diktet Jul av Ragnar Solberg frå Dovre (1898 – 1967) og Madonna med barnet frå Skjåk kyrkje.

Foto: Steffen Laursen – www.kyrkja.no/hamar.

Jul.

av Ragnar Solberg


Fyry jul æ ei ondele` tid,

d`æ kjøle te stræv og strid,

slik storvask både lågt og høgt,

det lyt væra væl, d` æ `kje snøgt!

Slakte gris

- Gåmål vis.

Ja mykjy lyt jerast istann,

Båkå godråd og fattigmann,

Hjortetakk og mandelspisse

Sandkaku, skrullo æ visse -.

Og båkå lefse, lute fisk

Og bryggje syrop-øl tå brisk.

Sjølv der`n sku` tru det æ nød

Har døm sylte og skrivabrød.

Kjærringun æ flinke,

Lyt spårå og spinke;

Men ein godbit ner jule` kjøm?

Ære væra kvar ein tå døm!

Ein lyt sandele`skonde se`!

Karane høgg upp sæter-ved

Og kjøyre heim tå ymse slag,

N` røkk` kje langt ein arbeidsdag.

Feitved fin

Mest `n skin.

I kvar heim – hard som håinn og bein.

Låda pent, og så ljos og rein!

Sjå kor døm står-ti helg og yrt

Og tæ` te` tile – med d` æ myrt -.

Legg` se` tile` , står upp tile` ,

Unne` se` så litor kvile,

Min d` æ hogle`, lell, væra med

Og fylgje skikken, få det te:

Bakst og hogst, brygg og slakt;

E kann `kje alt få sagt;

Min fuggelbann på låvebru

Æ `kje det penast skikken, tru?

Og så ein kvell æ julekvell

Med stjerneljos på skog og fjell,

Heile heimen ha` pynta se`,

Midt på golvet det grøne tre,

Tenkje mildt

Gløyme ilt

Gjere både små og store

Stilt døm sætt` se` innåt bor`e,

Og ribbe, lutfisk, mjølkegryn

E skull` me mena tyle` syn.

Nå jule` lyse vigsel inn

I klåre, helgeflidde sinn,

sjølv hest og ku i stall og fjos

fæ` óg ein glans tå ånd og ljos.

Det ringje fred på jord,

Og minnes desse ord

Som lye like nye stødt:

«Eder er i dag en Frelser født!»

GOD JUL!

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 24.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no