6. desember - Nisseduken

Her kjem nissen til bygda med sekken full av gåver. Reinsdyr har han også med, slik det høver seg for ein nisse tidleg i 40-åra. (Heile bildet nedst i artikkelen)

Bildet er på ein juleløpar som truleg vart kjøpa og brukt i krigsåra mellom 1940 – 1945. Den var av papir, og vart difor hengt på veggen som pynt.

Nissen kjenner vi allereie frå heidensk tid. Denne nissen var ein husvette som folk på garden måtte halde seg inne med. Dei ofra både mat og øl til haugkallen for å få god vekst, fred og fruktbarheit. Til gjengjeld ville nissen verje dyr og menneske mot vonde makter.

Nissen vi feirar med Nilsmesse den 6. desember er den kristne helgenen St. Nicholas. Han var son av to velståande foreldre som hadde streva med å få barn i mange år. Dei døydde i pest medan Nicholas var ung. Han vart via til prest og ga bort heile arven til dei fattige før han vart leiar (abbed) for eit kloster. Han vart fengsla da kristne vart forfølgd på starten av 300-talet, og døydde 6. desember mellom år 345 og 351.

Nicholas var nok ein raus fyr, for det er mange forteljingar om kor gåvmild han var.

Les meir om nissen her

Legendene om st. Nicholas var godt kjend i Nederland der han heitte Sinte Klaas. Nederlendarane tok han med til Amerika der han vart heitande Santa Claus. Her var forteljinga om den gåvmilde helgenen blanda i hop med guden Tor frå den norrøne mytologien. Tor hadde ei vogn me to geitebukkar som trekkdyr. Vips hadde julenissen med gåve-sekken fått både reinsdyr og slede og suste over hustaka for å finne snille ungar.

St. Nicholas er skytshelgen for barn, unge, ugifte jenter, advokatar, kjøpmenn, fiskarar, apotekarar, matrosar, bakarar, brannvesenet, fangar, og for eit godt ekteskap. Skulle du kome i havsnaud eller bli anklaga for noko du ikkje har gjort – ja da er St. Nils helgenen for deg.

I dag bør du ligge unna skarp reiskap, det er fort gjort å skjera seg i dag.

Og plystre må du ikkje gjera. På Lesja sa ein at om du plystrar når du ser nordlyset i dag, så kjem det ned og tek deg!

Du må rekne med å gå deg vill, men tar du på lua med vrangsida ut, skal det hjelpe.

God jul til alle nederlendarar som gir kvarandre gåver i dag.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Foto: Ann Kristin Leirmo /Gudbrandsdalsmusea

Kjelder: Digitalt museum, Store norske leksikon og boka «Gamle norske merkedager» av Birger Sivertsen.

Juleløpar Løparen har vore brukt på Gångstad i kyrkjebygda på Lesja. Bilde frå digitalt museum

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 06.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no