7. desember - Julekjolen

Vi slår eit slag for bunad til julefeiringa i år. Den er slitesterk, berekraftig, pynta og lettvinn. Og med høge straum-prisar i år, kan du skru ned varmen eit par knepp også.

Bunadane slik vi kjenner dei i dag, kom til på 1800-talet. Det var borgarskapet som fatta interesse for plagget i ei tid da nasjonalismen blomstra og det var om å gjere å finne attende til det opphavlege og ekte norske. Dei såg til bygdene og gardane der tradisjonelle folkedrakter mange stader fortsett var i bruk.

For 200 år sidan fortalde draktene mye om dei menneska som bar dei. Kleda kunne fortelje kor du kom ifrå og kor du høyrde heime på den sosiale rangstigen og om du var gift, einsleg, enke/enkemann. Det var vanleg at kvar gard hadde sitt særpreg.

Bunadstradisjonen i Gudbrandsdalen har mange gløymde skattar. I Opplandsarkivets avdeling i midtdalen på Ringebu har vi samla alle folkedraktene frå Sør-Fron.

bunader.jpg#asset:1167

På bildet ser du drakter frå gardane fv. Steberg, Ulberg, Steig, Kvigstad og Sør-Frondrakta. Det er og ein herrebunad for Gudbrandsdalen. Foto: Privat.

Det finst folk som brukar bunad på juleftan. Her frå ei julefeiring med utflytta vagvær Steinar H. Sagrusten med mann Jo-Terje S. Høyesveen i Østerdalsbunad. Dotter Tina følgjer spent med på gåveopninga.

bunadjul.jpg#asset:1168


Om du brukar bunad på juleftan, tar vi gjerne imot bilde frå ein julekveld. Hugs å få løyve frå dei som er med på bildet, og legg ved namnet på fotografen. Send til jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no.

Vi vil gjerne få dele bildet i artikkelen, og i sosiale media. Takk!


Kjelder: Boka «Norske drakter, stakker og bunader» av Ellen Wigaard Scheel.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 07.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no