Gåvetips

"Og glem ikke piker, - ditt eget kinn, med en barbermaskin blir han glatt og fin." Dette står det i ei avisannonse i Gudbrandsdølen frå 17. desember 1958.

Dei gamle handelskarane var heller ikkje borte når det galdt å reklamere for varene. Her ei kreativ annonse på dikt frå A. O. Hole Landhandel på Lesja frå Gubrandsdølen 17. desember 1958. Ein kan i alle fall ikkje klage på utvalget som var i mange av dei gamle landhandleria.

Slik lyder diktet på plakaten


Til damene finnes en mengde ting,

Brikker og duker med fine korssting,

Støvletter, tøfler, ja alt i skotøy,

Gensere, jakker og fineste undertøy,

Bluser, anorakker og hansker.

Med julegaver: Ingen vansker


Til herrene:

Skistøvler, filtstøvler, sko alle sorter.

Hansker, jakker, gensere og skjorter.

Og glem ikke piker, - ditt eget kinn,

Med en barbermaskin

Blir han glatt og fin.

For piker og gutter has alt De trenger

Både for små og store penger.

Ski, kjelker, staver og sparker,

Genser, votter, luer og anorakker.

Og mangler det noe i mitt dikt,

Finnes det sikkert i min butikk.

Det var Ola Hole som starta med handel heilt attende i 1878. Seinare tok sonen Andreas over og dreiv fram til 1967, og da under namnet A. O. Hole. Neste generasjon, Ola og Marie Hole dreiv fram til rundt 1990, før Brita Thøring og Astrid Stavheim dreiv heilt fram til mars 2015 i den gamle landhandelen si ånd med eit rikt vareutvalg. - Men det er i dag truleg meir drift enn nokon gong i dei gamle lokala til Avdemsbue.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

butikkplakat.PNG#asset:1173

Faksimile frå avisa Gudbransdølen, 17. desember 1958.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 08.12.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no