Ølstette

"Jule-Øllet maae og være det beste i hele Aaret, hvilket skriver sig fra Odins ældste Tid" – Sogneprest Wilse, Eidsberg 1763.

Går vi attende til sagatida var ølet sett på som gudane sin drikk.

Biletet viser ei ølstette (eit lagga trekar med tre stettar). Denne vart brukt til å tømme meiskelogen oppi. Ei blanding av malt og einerlog som var kokt opp. Det måtte stå ei stund før prosessen heldt fram etter at meiskelogen var sila. Silen på toppen av stetta vart da nytta. Foto: Ann Kristin Leirmo, Digitalarkivet.no

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Drikkelag for Jesus, Maria, Konge og Biskop!

I sagatida var det vanleg å servere ølet i ei ølhøne – eit rituelt drikkekar som vart brukt ved overgangsriter som fødsel og død. Når ein drakk av ølhøna skulle fuglens kraft og visdom følge med over i den nye livsfasa. Også med innføringa av kristendommen var ølet sentralt. Olav den heilage såg ølet som ein inngangsport for kristninga av Noreg, og skal ha drøymt at St.Martin kom til han med bod om at frå nå av skulle dei heidenske tradisjonar i det våte og sterke gjevast eit kristent innhald.

Allereie frå før år 1000 fanst det lover i Norge som slo fast at det var påbode å brygge øl regelmessig, og like ofte ha drikkelag til ære for gudane. Olav Trygvasson tilpassa dette: nå skulle det drikkast til ære for Jesus, Maria, Konge og Biskop! Ifølge Gulatingsloven, som gjaldt fram til 1267, kunne du miste gard og grunn om du ikkje brygga øl.

Her finn du oppskrift på øl

Tradisjon i 3000 år

Den sterke historiske posisjon ølbrygginga hadde i dagleglivet og ved festlege samkomer, var det også mange ritual og mystikk knytt til ølet. Eksempel på dette er skikken med å «kauke» (rope) når gjæren vart tilsett. Dette skulle gjera ølet sterkare. Under gjæringsprosessen skulle ein ikkje uroe ølet; ikkje trampe hardt, slå i dørene eller være høgrøysta. Da ville ølet slutte «å gå». Øl har vore brygga i Noreg i svært lang tid, og det er funne kjelder som viser at det er prat om minst 3000 års historie.

Både til kvardags og fest spelte ølet ei rolle. I det daglege var det gjerne prat om svakare øl, medan det til fest skulle være sterkt øl som var brygga på det beste kornet. Ord som barnsøl, brureøl, gravøl og juleøl fortel oss om ølet si historiske betydning ved spesielle høve og høgtider. Mange gardar hadde eigne oppskrifter og metodar for ølbrygginga.

Bryggekunsten blomstrar

Hovudingrediensen i øl har alltid vore korn, og i Noreg har det fyrst og fremst vore prat om bygg. Bygg har til alle tider vore det vanlegaste kornslaget i Norge, fordi det er ein hardfør kornsort som er lettare å dyrke i det norske klimaet enn andre slag. Havre kunne også brukast, men ga eit beiskare og skarpare øl, og derfor foretrakk nok dei fleste bygg om ein hadde det.

Det gjaldt å få god malt, derfor var ein ofte nøye med både bløytinga og groinga av kornet. På mange gardar var det vanleg å ha eit tørkehus til å tørke maltet. Ølet si religiøse og rituelle betydning falma ettersom tida gjekk, og i 1912 vart det forbode å kjøpe malt frå andre. På denne tida var også bryggerinæringa i vekst, og heimebrygginga vart med det mindre vanleg i Noreg. Forbodet vart oppheva i 1999, og i løpet av dei siste åra har vi sett ei stor oppblomstring innan norsk bryggekunst – både på heimefronten, men også i form av nye mikrobryggeri over heile landet. Mange held på denne tradisjonen og bryggjer øl heime den dag i dag, og det vert lagt vekt på at det skal vera av fin kvalitet, særleg da til jul.

Gudbrandsdalsmusea sin adventskalender byr på levande historiar kvar dag fram til jul. Vil du vere med, så heng på her inne, eller følg oss på Instagram eller Facebook.

Informasjonen er henta frå: Øl og norske bryggetradisjoner av Gunn Sørum og Husmannsminne etter Margrete Vigstadmoen

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 30.11.2021

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no