Anne Ragnhild Korsvold Saglien - Månadens friviljug

Ho har arbeidd for seterdrift og kulturlandskap i snart 40 år. Nå får ho prisen som Månadens friviljug i kategorien "utmarksnæring med seterdrift".

- Det har tæra på sjel og sinn og nattesøvn. Anne Ragnhild Korsvold Saglien frå Kvam har kjempa for seterdrift og utmarksbeite sida ho høyrde eit program i radio i 1985/86. Programmet heitte «Sånn er livet». Der prata programleiar Olga Meyer om utryddingstrua dølakyr. Det var att berre 27 høyrde ho.

Anne Raghild fortel at ho vart ståande som fastfrose ute på garden, og det rann kaldt nedetter ryggen då ho høyrde det. Ho bestemte seg tvert. Dette ville ho gjere noko med.

35 år etter får ho prisen som månadens friviljug for sitt arbeid med, og talerør for dølafe, sjølvberging og seterdrift.

Prisen som månadens friviljug er oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen.

Du kan lese meir om prisen, og finne oversikt over tidlegare prisvinnarar HER.

Med setring som livsstil

Anne Ragnhild Korsvold Saglien og mannen Kåre kjøpte Rustom gard på Kvam i 1986. Garden var forholdsvis liten, fortel Anne, men setra ga høve til å drive garden slik at det kunne bli eit levebrød. Det er nettopp seterdrifta ho har ivra for. Her har ho ein fjellhage, ho har laga til eit museum og driv setring på gamlemåten med ysting og sjølvberging. Dølakua har gått i utmarka og slik halde kulturlandskapet nede. Setringa har vorte ein livsstil for henne, men også eit mål.

Seterdrift er bra både som ressurs for garden og for ekteskapet meiner prisvinnaren: - Du veit, det er mange ekteskap som er redda med setring, seier Anne lurt. Slik har par kome litt frå kvarandre og ikkje trakka i hele på kvarandre heile tida.

Prisvinnaren med tidlegare meierisjef ved Tine Meierier Tretten tv. og jurymedlem Torveig Dahl frå Gudbrandsdal historielag Dølaringen th. Foto: Øystein RudiPrisvinnaren med tidlegare meierisjef ved Tine Meierier Tretten tv. og jurymedlem Torveig Dahl frå Gudbrandsdal historielag Dølaringen th. Foto: Øystein RudiAnne Ragnhild Korsvold Saglien lyftast fram som ein av mange som gjer ein stor frivillig innsats for seterdrift og utmarksnæring. På utdelinga kom tidlegare meierisjef i Tine som mellom anna legg ned stor innsats for Stavsmartn.

Juryen si grunngjeving

Dette skriv juryen i grunngjevinga si for prisen:

Prisvinnaren har gjennom arbeidet vist kor viktig beitedyr og seterdrift er for kulturlandskapet. For Korsvold Saglien har engasjementet vorte både ein livsstil og eit mål. Ho har også vore politisk aktiv og kjempa for saka i kommunestyresal og i media. Ho har gjort Rustom seter til ein formidlingsarena der folk kan få oppleve seterkulturen. Her syner ho fram matlaging på gamle måten og ressursar frå fjellhagen til sjølvberging. Ho formidlar også seterlivet gjennom fotografi og dikt og eit eige gardsmuseum. Arbeidet Korsvold Saglien har lagt ned, strekker seg langt utafor det som kan reknast som næringsverksemd. Hennar innsats synleggjer korleis kulturarven og tradisjon kan lyfte landbruket inn i ei ny tid, der bærekraft og sjølvbergingsgrad vil stå sentralt.

Vi gratulerer Anne Ragnhild Korsvold Saglien som månadens friviljug i kategorien ”Utmarksnæring med seterdrift.

Anne blir rørt når vi ringer henne om prisen. – Dette set eg utruleg stor pris på seier ho, tenk at det finst folk der ut som har lagt merke til kampane eg har kjempa, seier ho. For presset har auka med hyttebygging, auka trafikk i fjellet og klimaendringar.

Ho har kjempa for beitedyra gjennom alle år, og ser nå at det blir fleire som deler hennar syn. Nye radiobjøller og no-fence regulering kan bli ei løysing for å leie dyra utanom hytteområde for å unngå konflikt. Nå håper ho berre at hyttefolket kan vise omsyn når dei køyrer til fjells, for ho har opplevd at dyr har vorte påkøyrd.

Ho er aleine nå etter at mannen døydde. Garden er det ungfolket som har tatt over, men ho steller framleis fjøset morgon og kveld. Det gjer ho berre fordi det står dølaku på båsen seier ho og skrattar – elles hadde eg nekta å stelle. Ho gler seg også over at det vart fire veker på setra att i sommar også.

Her er eit anna av Annes kulturminneprosjekt

Seterkultur som ein del av verdsarven

Norsk Seterkultur har sidan 2018 arbeidd målretta for å få seterkulturen inn på lista for immateriell kulturarv. Fleire har stødd opp om initiativet. Mellom anna Norsk kulturarv. Her er uttala frå årsmøtet deira. Du les meir om Norsk seterkultur og verdsarvjobben her: https://www.seterkultur.no/

Også nasjonale styresmakter har engasjert seg.

Landbruksdirektoratet har akkurat send ut invitasjonar til ei referansegruppe som skal utgreie om setersatsing til Jordbruksoppgjeret 2023 i tråd med I Prop. 120 s (2021 – 2022)

Avtalepartene er enige om at Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren gis i oppdrag å gjennomføre en utredning som tar for seg hvilke sider ved seterdriften som er viktig og realistisk å ta vare på for fremtiden, formulere forslag til målsettinger og vurdere mulig innretting av virkemidler rettet mot seterdrift. Utredningen bør bygge videre på eksisterende kunnskapsgrunnlag. TINE må involveres i arbeidet, og det opprettes en referansegruppe med representanter for næringa. Arbeidet må også sees i sammenheng med den videre satsingen på fjellandbruket, jf. kap. 7.3.4. Landbruksdirektoratet skal lede arbeidet. Utredningen ferdigstilles til jordbruksoppgjøret 2023.

Dei ønskjer innspel på «mål for langsiktig ivaretakelse av seterdriften og seterlandskapet og mulig innretting av virkemidler for å nå de foreslåtte målene, med ekt på de som kan ha størst betydning».

Send forslag

Send oss forslag på månadens friviljug innan kategoriane "Bygningsvern" og "Friluftsliv".

Til post@gudbrandsdalsmusea.no


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 22.10.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no