Borgny Skansen Sletten - Månadens friviljug

- Eg bruker nok 50 timer i veka på frivillig arbeid, seier prisvinnar Borgny Skansen Sletten. Ho er aktiv med verv i fleire organisasjonar, men det er engasjementet for tradisjonsmat og drikke gjennom mange år som gjer at ho kårast til månadens friviljug.

Prisen som månadens friviljug er oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen.

Du kan lese meir om prisen, og finne oversikt over tidlegare prisvinnarar HER.

Ho trivst på kjøkenet, Borgny Skansen Sletten frå Vinstra. Med fagbrev som kokk ivrar ho for matlaging, og det er tradisjonsmat og formidling av å lage god mat frå botn som ligg hjarta nærast. I sommar kokka ho både under landskappleiken på Rjukan og under landsfestivalen i gamaldans i Vågå. Det gav meirsmak, og nå har ho allereie verva seg som ein av dei ansvarlege for maten under landsfestivalen i Lom neste år. Da blir det rein, elg og heimeplukka tyting på menyen. – Det må jo vere tradisjonsmat, seier Borgny, som ikkje er redd for å ta eit tak.

Ho har mange frivillige verv:

  • Fylkesleiar i Bygdekvinnelaget i Oppland
  • Fylkesleiar i Senterkvinnene
  • Fylkesleiar i Nei til EU
  • Styremedlem i studieforbundet Kultur og tradisjon
  • Styremedlem i fylkesstyret i Innlandet Bondelag
  • Styremedlem i fylkesstyret i Senterpartiet

Og enda er ho varamedlem til styret i Open folkekyrkje.

Det blir ikkje mykje fritid.

- I sommar hadde mannen min og eg EIN feriedag, skrattar ho. Da vart det biltur over Atlanterhavsvegen med middag i Molde. Ho fortel at dei båe har vokse opp slik. Når mannen har ferie tar han slåtten. Vi trivst med å ha det slik, seier Borgny.

Juryen si grunngjeving

Borgny Skansen Sletten for sitt mangeårige engasjement for tradisjonsmat. Gjennom vervet sitt i bygdekvinnelaget har ho vore sentral og svært delaktig i å bygge opp nettstaden «norsk tradisjonsmat». Gjennom arbeidet fotograferte ho mat, henta inn oppskrifter og mattradisjonar frå alle 26 lokallag i Oppland fylke. Ho har fagbrev som kokk, og bruker kunnskapen til å lære opp nye generasjonar til å lage mat med gode råvarer frå botn av, noko innsatsen for 4H er eit døme på. Prisvinnaren legg også ned mye frivillig innsats som kokk på festivalar med tradisjonsmat på menyen. Borgny Skansen Sletten brenn for takkebakst og tradisjonsmat og er aktiv på sosiale medier og ute blant folk. Med engasjementet sitt inspirerer ho stadig nye generasjonar til å bere denne delen av kulturarven vidare.

Vi gratulerer Borgny Skansen Sletten med prisen som månadens frivillig i kategorien mat og drikke.

Følg Borgny på Facebook

Her finn du oppskrifter på tradisjonsmat frå heile landet

Vel fortent

Når vi tar ein prat med Borgny, er ho i gang med å planlegge tre store helger, den fyrste i bygdekvinnelaget med tema mat og dyrking. – Det blir mye planlegging seier ho, og lite ute i felten. Ho bruker sosiale medier aktivt og trivst ute blant folk der ho gjerne pratar varmt om takkebakst og tradisjonsmat. Ho held også kurs der ho nå lærer ungdom å eta og like byggryn. - Eg hugsar særleg godt da vi arbeidde med tradisjonsmat i 4H, seier Borgny. Det endte opp med ein stor matmarknad på Rudi der vi mellom anna laga spekeskinke frå botn.

Anne Mari Amlien frå vestre Toten har vore aktiv i bygdekvinnelaget i mange år. – Det fortjener’a, seier ho, og trekker fram Borgny som ei veldig dyktig dame som er like eins mot alle. – Eg beundrar henne over alt ho greier, seier Amlien. Ho fikk sving på bygdekvinnelaget og har gjort mye for å få tradisjonsmat ut til det store fellesskapet, avrundar ho.

Prisen vart delt ut under Fårikålfestivalen i Ringebu 8. oktober.

Foto: Beate Hovde, Dølen

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 08.10.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no