Send inn forslag på månadens friviljug

Veit du om nokon som har interesse for rullande kulturminne og gjennom dette inspirerer andre til å halde kulturarven levande?

I Lillehammer og Gudbrandsdalen finst det ivrige folk som brenn for gamle køyredoningar. Entusiastar finn, set i stand og får bilane ut att på vegane. Slik held dei historia levande og inspirerer også andre til å ta vare på denne delen av kulturarven vår.

Den fyrste bilen i Gudbrandsdalen var ein Benz, produsert i Tyskland i 1895. Sommaren 1896 køyrde bilen i rute mellom Tretten og Ringebu. Det varte ikkje så lenge. På grunn av motorproblem og oppskremde hestar vart det slutt, og automobilen kom aldri meir i fast rutetrafikk.

Køyredoningane som har vore brukt gjennom tida fortel ein viktig del av historia vår. For mai leiter vi nå etter tradisjonsberarar som i praksis eller på andre måtar evner å inspirere andre med kunnskap og interesse om denne delen av kulturarven vår til stadig nye utøvarar.

For mai leiter vi nå etter tradisjonsberarar som i praksis eller på andre måtar evner å inspirere andre med kunnskap og interesse om denne delen av kulturarven vår til stadig nye utøvarar.

Månadens friviljug er ein pris oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen i samband med Frivilligåret. Prisen går til den eller dei som legg ned frivllig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen til glede for oss alle.

Du kan lese meir om prisen og tidlegare vinnarar her

img506w.jpg#asset:1266

Her er Benz frå 1895 med passasjerar på køyretur. Foto: Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00164 Arnfinn Engen. Du kan lese meir om historia til bilen her.

Nå treng vi din hjelp til å kåre månadens friviljug for mai!

Veit du om nokon som har særleg interesse for rullande kulturminne?

Den du sender forslag om må høyre til i Gudbrandsdalen og Lillehammer.

Send forslag til adressa: post@gudbrandsdalsmusea.no

Juryen som handsamar dei innkomne forslaga er:

  • Erik Lillebråten, direktør, Norsk kulturarv
  • Torveig Dahl, styreleiar, Gudbrandsdal Historielag Dølaringen
  • Jorun Vang, Gudbrandsdalsmusea

Vi presenterer dei frivillige på heimeside og i sosiale media. Den som blir månadens friviljug får også ein meir handfast takk for innsatsen. Vi tar kontakt med den du har foreslått før vi publiserer.

Gjennom Frivillighetens år 2022 kårer vi kvar månad ein vinnar i desse kategoriane: Friluftsliv, Husflid og Handverk, Landbruk irekna hage og husdyrhald, Idrett, Musikk og Dans, Utmarksnæring med seterkultur og kulturlandskap, Fangst og fiske, Industri, Bygningsvern, Mat og Drikke.

Vi presenterer dei frivillige på heimeside og i sosiale media. Den som blir månadens friviljug får også ein meir handfast takk for innsatsen. Vi tar kontakt med den du har foreslått før vi publiserer.

Månadens friviljug for januar - Nils Valde!

Månadens friviljug for februar - Reidar Marstein!

Månadens frilviljug for mars - Kirsti Krekling!

Takk for at du er med på å synleggjera den frivillige innsatsen i Gudbrandsdalen!

Med beste helsing

Øystein Rudi

Direktør

Biletet øvst syner den fyrste automobilen i Gudbrandsdalen, ein Benz som gjekk i rute mellom Tretten og Ringebu i 1896. Foto: Norsk Teknisk museum.

Thea-og-Olav-promo.jpg#asset:1239


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 12.05.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no