Send inn forslag på månadens friviljug

Geita har halde kulturlandskapet i hevd i Sjodalen. Kjenner du eigarar som har særskilt fokus på kulturarv og tradisjon i forvaltning av kulturlandskapet?

Vi set fokus på kulturlandskapet og tradisjon rundt bruk av utmarka når vi nå ser etter folk som brenn for denne delen av kulturarven vår.

Takk for at dykk hjelp oss å gjere kjent at vi ønskjer oss forslag på kandidatar til prisen som månadens friviljug.

Prisen delast ut i samband med Frivilligåret 2022 og er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, Norsk Kulturarv og Gudbrandsdal historielag Dølaringen.

UTMARKSNÆRING MED SETERDRIFT

I heile Gudbrandsdalen finn vi særeigne kulturlandskap der eigararar sørgjer for å halde områda i hevd. Nokre stader er ein også opptatt av å vidareføre gamle metodar som ljåslått, beitedyr og bruk av utmarka gjennom reindrift, jakt og fiske og husdyrproduksjon. Aktiv setring er også eit døme på korleis kulturlandskapet takast vare på, og tradisjonar vidareførast.

Vi ser etter eigarar som arbeider aktivt for å halde kulturlandskapet i hevd.

Send oss ditt forslag!

Send forslag med grunngjeving til adressa: post@gudbrandsdalsmusea.no innan 12. oktober.

Juryen som handsamar dei innkomne forslaga er:

  • Erik Lillebråten, direktør, Norsk kulturarv
  • Torveig Dahl, styreleiar, Gudbrandsdal Historielag Dølaringen
  • Jorun Vang, Gudbrandsdalsmusea

Den du sender forslag om må høyre til i Gudbrandsdalen og Lillehammer.

Du kan lese meir om prisen og tidlegare vinnarar på heimesida til Gudbrandsdalsmusea.

Gjennom Frivilligåret 2022 kårar vi kvar månad ein vinnar i desse kategoriane: Friluftsliv, Husflid og Handverk, Landbruk irekna hage og husdyrhald, Idrett, Musikk og Dans, Utmarksnæring med seterkultur og kulturlandskap, Fangst og fiske, Industri, Bygningsvern, Mat og Drikke.

Vi presenterer dei frivillige på heimeside og i sosiale media. Den som blir månadens friviljug får også ein meir handfast takk for innsatsen. Vi tar kontakt med den du har foreslått før vi publiserer.

Månadens friviljug for januar - Nils Valde!

Månadens friviljug for februar - Reidar Marstein!

Månadens friviljug for mars - Kirsti Krekling!

Månadens friviljug for april - Hagegruppa ved Ringebu prestegard!

Månadens friviljug for mai – Jan Ivar Randen!

Månadens friviljug for juni - Leif Inge Schjølberg!

Månadens frivljug for juli - Prisutdeling i oktober

Månadens friviljug for august - Prisutdeling 3. november

Månadens friviljug for september - Prisutdeling 8. oktober

Takk for at du er med på å lyfte fram den frivillige innsatsen i Gudbrandsdalen!

Med beste helsing

Øystein Rudi

Direktør

Toppbilete: Geita har beita fram kulturlandskapet i Sjodalen. Foto: Iver Storvik/Maihaugen

Foto frivilligåret: Kjersti Strass

Thea-og-Olav-promo.jpg#asset:1239


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 04.09.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no