Hagegruppa Ringebu prestegard - Månadens friviljug

- Dette var ei stor overrasking og veldig moro! Halldis Myhre Tvete har akkurat fått vite at dei rundt 50 frivillige som sørger for at hagen til Ringebu prestegard er eit besøksmål i Gudbrandsdalen har fått prisen som månadens friviljug!

Prestegardshagen på Ringebu står fram som ei perle i kulturlandskapet, med vakre velhaldne bed med gamle staudar og roser langs sirlege grusgangar og ein eigen bær og frukthage. Dette kjem ikkje tå seg sjølv. Lokale hagevener legg ned fleirfaldige timar med innsats på dugnad for å gje bygdefolk og vegfarande eit attraktivt besøksmål.

Prisen Månadens friviljug går til hagegruppa ved Ringebu prestegard, leia av Halldis Myhre Tvete. Sidan Stiftinga overtok prestegarden i 2006 har dei arbeidd målretta med å restaurere og fornye hagen.

Målretta innsats

Historiske kjelder syner at Ringebu prestegard hadde ein stor hage med både nyttevekstar og prydplantar allereie på 1700-talet. Prestane var ofte føregangsmenn for hagebruk. Det var lite att av tidlegare tiders storheit da landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathisen dokumenterte og granska hagen i 2005. Men i villnisset mellom brennesle, villbring og kveke dukka det opp klosterplanter og historiske funnroser. Ho utarbeidde ein rapport og plan for å sette hagen i stand, og denne planen er følgd opp av hagevenene.

Kvart år leggast det ned 5 – 600 timar med dugnadsarbeid i hagen.

H10-Karen-og-Margrethe-i-teppebed-P6020751.JPG#asset:1270
TID FOR PLANTING: Karen og Margrethe arbeider for å sette teppebedet ved inngangen til prestegardshagen i stand til sesongen. Foto: Halldis Myhre Tvete.

Av alle skattar i hagen er det

  • samla inn og planta felt med historiske roser i samarbeid med Norsk Roseforeining.
  • Ei samling av gamle bærbuskar som back up for Norsk genressurssenter. Her er det 18 ulike sortar rips, solbær og stikkelsbær med to buskar av kvar sort.
  • Eigen kvannehage med vossakvann.

No arbeider hagegruppa med ein eigen skjøtselsplan for området og registrering av alle plantar i ein database. Dei har eit mål om å få på plass tidsriktige gjerder og utemøblar, og alle felt skal gjerast ferdig og skiltast.

Stor innsats

Halldis Myhre Tvete organiserar den frivillige innsatsen. Rundt 50 personar er i sving for å utvikle hagen og stelle anlegget. Dei er ei gruppe på 6-7 personar som planlegg kva som skal gjerast i samråd med landskapsarkitekt. Så arrangerast det dugnadar ein til to gonger i veka fram mot publikumsopning av prestegarden i juni.

I sommarsesongen er det to og to som har ansvar ei veke kvar. Ei gruppe steller plantene, og ei gruppe klippar plen.

H188-Skoleklasse-E-Flyen-Clip.jpg#asset:1271
NYE HAGEKREFTER: sesongen 2021 var 5. klassingar frå Ringebu skule med på hagearbeidet ein dag i veka. Foto: Erik Flyen

Juryen si grunngjeving

Arbeidet med prestegardshagen i Ringebu syner korleis ein kan lage ein hage for framtida tufta på kulturarv og historie. Innsatsen som har vore lagt ned er til stor glede for alle som kjem på besøk, men også viktig i formidlinga av den norske kulturarven knytt til hagebruk. Når hagen i tillegg blir ei viktig kjelde for å ta vare på kulturarven for framtida, og alt dette er takk vere frivillig innsats, er det ein soleklar prisvinnar av månadens friviljug for april.

Halldis Myhre Tvete fortel om all innsatsen dei frivillige gjer. – Mange jobber år etter år utan at dei blir framheva. Da er det ekstra triveleg at heile gruppa får ei påskjønning for innsatsen seier ho.

Prisen som månadens friviljug er oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen.

Du kan lese meir om prisen, og finne oversikt over tidlegare prisvinnarar her.

Utdeling av prisen skjer i samband med årsmøtet til Schübelers nettverk – eit nettverk av gamle prestegardshagar og andre hagar av kulturhistorisk verdi. Årsmøtet arrangerast i Ringebu prestegard laurdag 25. juni 2022.

Nettside: Ringebu prestegard

Litteratur: Ringebu Stavkyrkje og prestegard – kultursentrum i tusen år. Ringebu historielag, 2021.

Foto: Halldis Myhre Tvete

Tittelbilete: Hagegruppa frå starten. Fv. Margrethe Grendahl Aali, Anne Aaby, Kari Bentzen, Berit Sand, Karen Røhr Steine og Halldis Myhre Tvete. Randi Blakarstuen var ikkje til stades. Foto: Lars V. Tvete.

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 08.06.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no