Kirsti Krekling - Månadens friviljug

Det var ein strålande glad prisvinnar som tok imot diplomen for månadens friviljug. Kirsti Krekling får prisen for sitt mangeårige frivillige engasjement for å dele kunnskap om tekstilbruk, handverksteknikkar og draktskikk.

Prisen som «månadens frivillig for mars går til Kirsti Krekling frå Lillehammer. Krekling er pensjonert konservator og formidlar ved Maihaugen Lillehammer museum. Ho får prisen for sin formidling av kunnskap om tekstilkunst og drakt-tradisjonar i Gudbrandsdalen og som rådgjevar i ulike samanhengar.

- Eg blir litt stum, eg har nå berre gjort det eg trur har vore forventa av meg, seier Krekling.

Prisen som månadens friviljug går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen. Arbeidet er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen i samband med Frivilligåret.

Dette seier juryen i si grunngjeving for prisen: Gjennom heile arbeidslivet har Krekling vore engasjert i frivillig arbeid der ho har vidareutvikla og delt fagkunnskapen sin. Ho stillar ofte opp som rådgjevar og reiser framleis rundt for å halde kurs for å gjere fleire kjent med kunnskapen om tradisjonelle handverksteknikkar, tekstilbruk og draktskikk.

- Eg har alltid hatt glede av folkeopplysning, seier Kristi Krekling. Ho ser nå ein oppsving på draktområdet. Flinke handverkarar som har gått i bresjen og jobba for å få fram tradisjonen. Det gjer at folk blir meir medvitne vala dei gjer når dei vel seg ut ein bunad, seier ho.

Krekling fortel at ho akkurat nå er på jakt etter biletvevar. De gamle vevarane veit ein lite om frå før, og ho vil gjerne finne ut meir.

Verdig prisvinnar

Husflidskonsulent i Oppland Brita Rusten Åmot seier Krekling har betydd mye for draktbruk og drakttradisjonen i Gudbrandsdalen.

- Krekling har ei fagleg tyng som er god å stø seg på, seier Rusten Åmot. Ho trekker fram at prisvinnar har ei særskild evne til å sjå det lokale handverket i eit vidare perspektiv, som ein del av eit større bilete.

Gudbrandsdalen er frå gamalt eit kjerneområde for tekstilkunst, særleg biletvev frå 1600-tallet, mellom anna med vevde såkalla jomfrutepper. Veving har vore ein sterk tradisjon i Gudbrandsdalen gjennom fleire hundre år. Krekling har vore ei fagleg støtte i arbeidet med å rekonstruere bunadar og tekstilar, eit arbeid som har betydd mye for den levande draktbruken i Gudbrandsdalen, seier husflidskonsulenten.

- Eg har alltid hatt glede av folkeopplysning, seier Kristi Krekling. Ho ser nå ein oppsving på draktområdet. Flinke handverkarar som har gått i bresjen og jobba for å få fram tradisjonen. Det gjer at folk blir meir medvitne vala dei gjer når dei vel seg ut ein bunad, seier ho.

Kirsti Krekling mottek prisen av direktør for Gudbrandsdalsmusea, Øystein Rudi. Foto: Olav Tøfte

Kirsti Krekling får overrekt prisen av direktør for Gudbrandsdalsmusea, Øystein Rudi. Foto: Olav Tøfte.

Prisvinnar med Kongens fortenestmedalje

Da Kirsti Krekling fekk utdelt Kongens fortenestemedalje i 2015, sa fungerande fylkesmann Sigurd Tremoen dette i si tale:

Kirsti Krekling har vært en svært god formidler av kulturhistorien. Hun har gjennom sitt gode renommé, gjennom sin fagkunnskap, engasjement og sitt vesen, i stor grad bidratt til Stiftelsen Lillehammer Museum (Maihaugen) sin utvikling. Hennes store engasjement og genuine faglige interesse kan stå som eksempel for andre, sa Tremoen i sin tale.

(heile tala finn du her https://www.statsforvalteren.n...)

Kirsti Krekling fekk prisen under Gudbrandsdalsseminaret på Lillehammer 2. mai 2022.

Vi gratulerer!

Du kan lese om tidlegare prisvinnarar her

I april vil vi kåre månadens friviljug for «Landbruk irekna hage og husdyrhald.»

Du sender inn forslag til kandidat til post@gudbrandsdalsmusea.no




Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 03.05.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no