Leif Inge Schjølberg - Månadens friviljug

Prisvinnar Leif Inge Schjølberg takka med ein eigenkomponert springleik da han vart kåra som månadens friviljug. Schjølberg fekk prisen for innsatsen sin for tradisjonsmusikk og dans både som utøvar, inspirator og læremeister.

Prisen i kategorien musikk og dans vart delt ut på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå. Musikk og dans er ein del av den såkalla immaterielle kulturarven vår. Det betyr at det er ein del av historia som er avhengig av å vere i bruk. Tradisjonsmusikken og dansen må praktiserast og overleverast frå utøvar til utøvar.

"Månadens friviljug" er ein pris som delast ut i samband med Frivilligåret 2022. Den er oppretta for å lyfte fram all den frivillige innsatsen som gjerast for at kulturarven i Gudbrandsdalen skal berast vidare og vere til glede for mange. Det er Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdal Historielag Dølaringen som står bak prisen.

Les meir om prisen og sjå tidlegare prisvinnarar HER

Jury: Erik Lillebråten frå Norsk kulturarv, Torveig Dahl frå Gudbrandsdal Historielag Dølaringen og juryleiar Jorun Vang frå Gudbrandsdalsmusea.

Leif Inge Schjølberg frå Vågå er ein tradisjonsberar som inspirerer andre med kunnskap og interesse, skriv forslagsstillaren. Schjølberg er aktiv som frivillig i Vågå spel- og dansarlag.

Frivillighetsprisen-Leif-Inge-Schølberg-9.JPG#asset:1422

Prisen er ein diplom, kokeboka frå Ullinsvin og eit sitjeunderlag. Juryleiar Jorun Vang delte ut prisen til ein glad prisvinnar Leif Inge Schjølberg. Foto: Kari Margot Odnes.

Juryen si grunngjeving

Prisvinnaren har heilt frå oppveksten vore opptatt av å lære seg leiker og lokalt tradisjonsspel frå Vågå. Kunnskapen har han delt gjennom ei lang karriere som spelemann både solo og i ymse samspelformer. Han har vore ein god ambassadør for folkemusikken både i inn- og utland gjennom deltaking på kappleikar og festivalar i tillegg til fleire turar som kurshaldar og spelemann utafor landegrensa. Han har også vore oppteken av dansen ved å ha fokus på at spel og dans høyrer saman. På kurskveldane i VSD er det felles pause med dansesekvens for alle med instruksjon i til dømes springleik. Dette er hans ide og mest han som set i verk.

Viktigaste grunnlag for prisen er likevel den etterveksten han skaper, evna han har til å motivere og inspirere unge til å gle seg over spelet og musikken. Han jobbar aktivt for å få fram gode utøvarar. Leif Inge Schjølberg tar også eit tak organisatorisk som musikalsk leiar i VSD og i styret i ei årrekkje. Her har han idear og tar initiativ. Her også driv han med opplæring i grupper og solo som ein viktig inspirator og læremeister. Det beste dømet på kor inspirerande prisvinnaren er, er at sønene også har tatt fela fatt og vorte habile spelemenn båe to.

Thea-og-Olav-promo.jpg#asset:1239

Kvar månad i Frivilligåret 2022 vil vi lyfte fram den frivillige innsatsen for kulturarven i Gudbrandsdalen. Foto: Kjersti Strass

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 07.08.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no