Lesja Historielag - Månadens friviljug

- Det er fantastisk å vere med på, seier Rolf Sørumgård i Lesja historielag. I 22 år har eldsjelar arbeidd frivillig for å bygge opp att industriområdet Lorkverna på Lesja. Ein opplagt vinnar av frivilligprisen!

Det er den samla dugnadsinnsatsen gjennom mange år som juryen trekker fram i grunngjevinga for prisen, seier Cecilie Asp. Ho er styreleiar i Gudbrandsdalasmusea og delte ut prisen som månadens friviljug i framkant av kommunestyremøtet på Lesja i november.

Prisen som månadens friviljug er oppretta i samband med Frivilligåret 2022. Den går til personar som legg ned frivillig innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som er til glede for mange. Prisen er oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen.

Du kan lese meir om prisen, og finne oversikt over tidlegare prisvinnarar HER.

Lorkverna ligg attmed elva Lora og er oppattbygd og restaurert attende til slik ho sto rundt 1920. Historia går attende til eit skinnbrev frå 1300-talet.

Les meir om historia til Lorkverna her

Lorkverna-1-Foto-Jorun-Vang.jpg#asset:1440:bookSmallLorkverna-2-Foto-Jorun-Vang.jpg#asset:1441:bookSmallLorkverna-3-Foto-Jorun-Vang.jpg#asset:1442:bookSmallLorkverna-4-Foto-Jorun-Vang.jpg#asset:1443:bookSmallLorkverna-5-Foto-Jorun-Vang.jpg#asset:1444:bookSmall

Alt er oppattbygd og restaurert frå vassgang til mølle og kvern. Foto: Jorun Vang

Lorkverna er eit levande industrihistorisk kulturminne med møllebruk, vadmålstampe, jernblestring og kolbrenning. Kvart år har dei fleire tusen besøkande. Anlegget blir også brukt til formidling for skuleklassar. All omvising og restaurering er det frivillige som står for.

- Det betyr mye sosialt å vere med på dette arbeidet, seier Sørumgård. Han trekker fram det gode samholdet, nettverksbygginga det gir, å kunne vere aktiv på eit felt som gir handfaste resultat og kunne formidle historia.

- Ein viktig innsats for lokalsamfunnet, sa Cecilie Asp da ho delte ut prisen.

Arbeidet med oppattbygginga vart sett i gang rundt tusenårsskiftet. Sidan har frivillige restaurert hus etter hus i anlegget. – Det fyrste huset vi begynte med var stallen, fortel Rolf Sørumgård, fungerande leiar i historielaget. Dei frivillige trengte eit pauserom der dei kunne ha utstyr og kvileplass. I dag er stallen vorte som eit hjarte i anlegget med sengeplassar og gjestebok.

frivilliginsats-Foto-Jorun-Vang.jpg#asset:1445

Slik grunngir juryen prisen

Månadens friviljug for august blir Lesja historielag for oppbygging og forvaltning av Lorkvenne, industriområdet langs elva Lora i Lesja. I anlegget kan besøkande oppleva korleis vatnet brukast til å mala korn, brygge øl eller stampa vadmjøl. Det er også bygd jernmile slik at fleire gamle handverk kan lærast burt og synast fram. I tillegg til sjølve anlegget er det lagt til rette natur- og kultursti gjennom området. Her er det informasjon om kva som har vore gjort av næringsverksemd i eldre tid, mellom anna kolbrenning, skogsdrift mv. Ein gong i året lagar også historielaget trekol og tjære ved Lorkvenne.

Gjennom arbeidet med Lorkvenne er det eit heilt lag av frivillige engasjert. Dugnaden har vart ved i mange år og omfattar både oppbygging og drift. Den samla innsatsen har skapt ein heilt unik formidlingsarena. Området er lett tilgjengeleg for den som tilfeldig stikk innom, og i større samanheng, ein levande dokumentasjon over industriutviklinga gjennom fleire hundre år. Slik bidreg dei frivillige i Lesja historielag til å halde kulturarven levande og sikre at kunnskapen går vidare til nye generasjonar.

Vi gratulerer!

Foto frå prisutdelinga: Ellen Sørumgård Syse, Gudbrandsdalsmusea

Foto frå Lorkverna: Jorun Vang, Gudbrandsdalsmusea

Thea-og-Olav-promo.jpg#asset:1239

Kvar månad i Frivilligåret 2022 vil vi lyfte fram den frivillige innsatsen for kulturarven i Gudbrandsdalen. Foto: Kjersti Strass

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 06.11.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no