Nils Valde - månadens friviljug

I dag vart Nils Valde frå Vågå kåra til månadens friviljug for januar 2022. Valde får prisen for arbeidet han gjer med å dokumentere, formidle, systematisere og arkivere fotografi frå Vågå.

Månadens friviljug er ein pris oppretta av Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med Norsk kulturarv og Gudbrandsdalen Historielag Dølaringen i samband med Frivilligåret.

Les meir om prisen her

Grunngjeving frå juryen

Nils Valde skapar engasjement gjennom å bruke sosiale media som ein kanal til å få inn opplysningar om bileta han handsamar. Slik får han fram historia som bileta fortel, og sikrar at vagverane si felles historie blir tatt vare på for framtida. Arbeidet han gjer har høg kvalitet, og det gjer at han har fått inn større prosjekt frå folk i og utafor bygda.

Nils Valde legg ned mykje frivilligarbeid som kjem framtidige generasjonar til gode.

Vi takkar for innsatsen han gjer for fellesskapet og at han gjennom det frivillige arbeidet også inspirerer andre til å gjere ein frivillig innsats.

Her kan du lese meir om juryen

Vart medlem som 3-åring

Valde er 54 år og har vore medlem i Vågå historielag frå han var rundt 3 år. Han har alltid vore interessert i lokalhistorie og særleg i slektsgransking og gamle hus.

For ti år sidan tok han ansvar for nettsida til historielaget og trong da bilete til sida. Da starta arbeidet med gamle fotografi. Han vart interessert i å finne ut kven som var på bileta han fann. Nå har han scanna over 3000 fotografi.

- Han har gjort eit stort arbeid med digitalisering som elles ville gått tapt, særleg i det at han har fått namn på bileta. Det seier avdelingsleiar Kristin Akslen Hagen for Gudbrandsdalsmusea si avdeling i Vågå. Ho legg med glimt i auga at det mange bilete i arkivet framleis, så han blir ikkje arbeidsledig med det fyrste.

Beskjeden prisvinnar

- Det er så mange andre som hadde fortent denne prisen meir enn meg, seier en forlegen prisvinnar. Han får utdelt diplom, kokeboka til Christine Storm Munch og eit sitjeunderlag med symbolet til pilegrimsleden av direktør i Gudbrandsdalsmusea Øystein Rudi.

- Gulrota er når du strever med å finne ut kven som er på bileta, og plutseleg dukkar namnet opp i ein eller annan samanheng, seier Valde.

Prisen vart delt ut tysdag 8. februar i museets avdeling i Vågå.

Nils Valde synst det er løyle’ å få prisen. Han trekker fram historielaget som har inspirert han og gjort det mogleg å dyrke interessa si. Det er vinterhalvåret han sit og scannar bilete, og scannaren har han heime. Det er folka på bileta som fenger mest, det å finne ut kven som er avbilda. Det synst han også er meiningsfylt.

Vi gratulerer Nils Valde med prisen og takkar så mykje for arbeidet han gjer for kulturarven i Gudbrandsdalen!

Etterlyser nye kandidatar

Nå etterlyser vi forslag til kandidatar til månadens friviljug for februar. Vi ser etter folk som har gjort en innsats for kulturarven i Gudbrandsdalen, ein innsats som kjem mange til gode.

Resten av året vil vi kåre friviljuge innan desse tema: Friluftsliv, Husflid og Handverk, Idrett, Musikk og Dans, Utmarksnæring med seterkultur og kulturlandskap, Fangst og fiske, Industri, Bygningsvern, Mat og Drikke, Rullande kulturminne, Landbruk irekna hage og husdyrhald.

Forslag tek vi imot til post@gudbrandsdalsmusea.no fram til månadsskiftet.

Tema for februar er fangst og fiske!

Foto: Kristin Akslen Hagen / Gudbrandsdalsmusea


Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 08.02.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no