Vi kårar månadens friviljug

Her er juryen som kårar månadens friviljug.

I samband med det nasjonale Frivilligåret 2022 vil lyfte fram den frivillige innsatsen som gjerast for å ta vare på kulturarven i Gudbrandsdalen.

Erik Lillebråten er direktør i Stiftelsen Norsk kulturarv

Torveig Dahl er styreleiar for Gudbrandsdal Historielag Dølaringen

Jorun Vang er prosjektleiar for Gudbrandsdalsmusea

Prisen er eit diplom, kokeboka til Christine Storm Munch og eit sitjeunderlag frå pilegrimssenteret.

Du sender inn forslag med grunngjeving og gjerne eit bilde til post@gudbrandsdalsmusea.no

Tema for mars er husflid og handverk.

Frist for å sende inn forslag er utgangen av kvar månad.

Tema som kjem utover året er: Friluftsliv, Husflid og Handverk, Idrett, Musikk og Dans, Utmarksnæring med seterkultur og kulturlandskap, Industri, Bygningsvern, Mat og Drikke, Rullande kulturminne, Landbruk irekna hage og husdyrhald.

Les meir om kåring og pris her.

Der finn du og ei liste over vinnarane gjennom året.

Foto: Jorun Vang

Thea-og-Olav-promo-besk.jpg#asset:1238

Foto: Kjersti Strass

Skrevet av Jorun Vang

Publisert den 05.02.2022

jorun.vang@gudbrandsdalsmusea.no