Last Ned

Øystein Rudi blir ny direktør frå 1. april 2019

Nåverande direktør, Torveig Dahl, går av med pensjon 31. mars 2019. Styret har tilsett Øystein Rudi frå Sør-Fron som ny direktør. Administrasjonen for museet vil såleis halde fram med å ha fast kontorstad saman med Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands gard, Hundorp.

Øystein Rudi er 49 år gammal og er utdanna sivilagronom frå Norges Landbrukshøgskule, Ås. Han har breid erfaring innan bedriftsleiing, kulturnæring, kulturformidling, materielt og immaterielt tradisjonsarbeid og kjenner Gudbrandsdalen godt.

Han er ein profilert spelemann med fire Spellemannsprisar, og han har toppa landskappleiken i fele tre gonger. Frå 1985 til 1995 var han leiar for Sør-Fron Spelemannslag, som da etablerte seg mellom dei framste i landet. Frå 1997 har Øystein mellom anna vore timelærar ved Ole Bull akademiet på Voss. Åleine og saman med gruppa KVARTS har han folkemusikken inn på nye arenaer, med ei rekkje oppdrag i Norge og utanlands.

I selskapet for Norges Vel hadde Rudi mellom anna ansvar for etablering av Hellerudsletta Hytteutstilling. Rudi Gard, som familien driv, har grasproduksjon, skogsdrift, skjøtsel av kulturlandskap og tek vare på 30 hus i dalen og fjellet. Øystein har/har hatt styreverv mellom anna i Rådet for Folkemusikk, Peer Gynt AS, Gudbrandsdal Reiseliv, Kulturgardar i Gudbrandsdalen og stiftelsen Norsk Kulturarv .

Skrevet av Torveig Dahl

Publisert den 10.02.2019

torveig.dahl@gudbrandsdalsmusea.no