10-års markering i Jutulheimen 21. september

Foto av: Torveig Dahl

Gudbrandsdalsmusea 10 år

Gudbrandsdalsmusea vart stifta 25. juni 2008, og har i 2018 markert 10 unge år med ein museumsstafett i sommarsongen, fulldistribusjon av sommartilbodet ved alle avdelingane – og ein hyggekveld for inviterte gjestar i Sundstugu, Jutulheimen i Vågå fredag 21. september.

Her var tilsette, styret, eigarane og nokre spesielt inviterte gjestar; spesielt hyggeleg var det at sentrale personar i etableringa og drift dei fyrste par åra var til stades, og kom med helsingar: Knut Korsæth, Solveig Nymoen og John Olsen, som var fyrste dagleg leiar ved museet. Det var helsingar frå Oppland fylkeskommune

10-aar-helsing1.jpg#asset:416:bookSmall

v/fylkeskonservator Kristin Loe Kjelstad, Nasjonalt Pilegrimssenter v/Hans Jacob Dahl, kommunane i Nord-Gudbrandsdalen v/ordførar Iselin Vistekleiven, kommunane i Midt-Gudbrandsdalen v/varaordførar Jon Suleng. Helsingane var triveleg omtale av det omfattande arbeidet museet har hatt desse 10 åra – og rosa særskilt det gode samarbeidet og stor innsats.

Av program kan nemnast at styreleiar Jan Reinert Rasmussen heldt ei innleiing om museet si historie, samarbeid, drift og utfordringar framover, det var musikk ved Tom

10-aar-tom-willy2.jpg#asset:417:bookSmall

Willy Rustad, folkemusikkarkivar ved museet, nestleiar i styret for Vågå Historielag, Dag Åsheim, fortalde om Jutulheimen og arbeidet der, Eirik Haugen sang folketonar og Trond Ole Haug (båe frå museet) fortalde historia om Blessomen og Jutulen. Bokhandel’n serverte smakfull mat foran peisen, Vågå-tapas, og det var kaffe og heimebaka kaker. Styreleiar leia kvelden på ein god måte.

Skrevet av Ola Tovmo

Publisert den 27.09.2018

ola.tovmo@gudbrandsdalmusea.no