Gudbrandsdalsseminaret 30 01 2019

Gudbrandsdalsseminaret 2019

Kva er Gudbrandsdalen?

Med samanslåing av fylka Hedmark og Oppland i 2020, reiser vi spørsmålet om kva Gudbrandsdalen er og skal vera i åra framover innanfor den nye fylkeseininga. Det samme spørsmålet kan reiisast om Gudbrandsdalseminaret, som i 2019 blir arrangert for tiande gongen.

"Flaumen går, i Noreg er vår", song folldølen Ivar Mortenson Egnund. "Sjå Lågen strøymer stor og brei frå Jotunfjellom", song frøningen Pål Kluften. Dete var naturlyrikk skriven til bondens og grøderikdomens pris. Olav Aukrust dreiv emnet vidare: "No ljonsar Gudbrandsdalen" er den første lina i ein song der han straks går vidare og skildrar dalen som ei brur. Dei tre diktarane var unge i eit nytt hudreår. Sangkor kringom i bygdene tok songane deira til brystet. Er dette noko meir enn uttrykk for romantiske stemningar i fortida?

Dei geografiske yttergrensene og den skrivne og fortalde historia er eit anna utgangspunkt i ein diskusjon om kva identitet er. Spørsmålet om å høyre til i eit distrikt vil bli frøfta under seminaret i 2019. Andre utgangspungt finn vi i filosofien, i historia, i språket, i kunsten og i musikken. Vi spør også kva impulsar som blir filførte frå dagens unge og frå dei som kjem til dalen som gjester og innflyttarar.

Påmelding

Bindane påmelding innan 13. januar 2019 kan sendast til:

Maihaugen

Maihaugvn 1

2609 Lillehammer

tlf: 61288900

e-post: post@maihaugen.no

Ved påmelding, oppgje: Navn, Adresse, fakturaadresse, telefon, og e-post

Lunsj er inkludert, men meld ifrå om særskilde matbehov.

Seminaravgift: 600 kr, avgifta kan betalast ved påmelding til konto: 1503.23.53824 Merk: Gudbrandsdalsseminaret og namn

Arrangørar:

Oppland fylkeskommune, Maihaugen, Gudbrandsdal Historielag og Gudbrandsdalsmsuea

Foto: Maihaugen, fotosamling

Personvernerklæring: Deltakarlista vert lagra eit år, hjå arrangørane, deretter sletta.

Skrevet av Benedicte Friis Furulund

Publisert den 04.01.2019

benedicte.f.furulund@gudbrandsdalsmusea.no